Frå 2011 er det tre stykk som skal fylle plassen i ettermiddagssendingane kvar fredag.
Tore Haukenes frå Frei, Ragnhild Bakke frå Rauma og Geir Sindre Breivik frå Ulsteinvik er dei tre utvalde.
Nordmøringen
Haukenes var fyrstemann ut av dei nye kåsørane. Han kjem frå Frei, og har god kontroll på heimfylket sjølv om han no bur i Oslo.
- Det blir litt personleg, ting som eg håper andre også kan kjenne seg att i. Eg håper det ikkje blir så rart at det berre er eg som har problemet, seier Tore Haukenes.
Han er tekstforfattar og stand up-komikar og held til i hovudstaden.
Romsdalingen
Kåsør nummer to er Ragnhild Bakke. Ho er frå Åndalsnes i Rauma, og flytta tilbake til heimkommunen for to år sidan.
- Etter ti år vekk, med mellom anna ei jorda-rundt-reise eg seint vil gløyme, sa ho til NRK før fyrste kåseri gjekk på lufta.
Utanom å kåsere jobbar ho som frilanser, mellom anna i Romsdals Budstikke.
- Eg prøver å skrive morosamt slik at det går utover meg sjølv og mine næraste. Så mamma og pappa er litt bekymra for kva eg kan kome til å skrive, seier ho.
- Det kan hende dei har god grunn til. Eg bruker av og til å utlevere dei, seier ho.
Sunnmøringen
Sistemann ut er Geir Sindre Breivik frå Ulsteinvik.
Som Haukenes jobbar han som tekstforfattar i Oslo. Han har mellom anna jobba i TV2-programma "Rikets Røst" og "Golden Goal", og har også skrive for scene og radio.
- Eg liker nok betre å skrive enn å prate trur eg, seier han.
Dette er fyrste gong han kåserer på radio, men har erfaring med sjangeren frå skulen.
- Kåseria var som regel det enklaste å få god karakter på, seier han.
Finn kåseria her
Under finn du alle kåseria frå NRK Møre og Romsdal. Desse blir sendt kvar fredag i ettermiddagssendinga, og blir lagt ut her etter kvart.