Hopp til innhold

Teater mot demens

Teatret Vårt vil bidra til større forståing for demens med fire framsyningar.

Eva Gjengedal og Rolf Magnus Orø

SAMARBEIDAR: Professor Eva Gjengedal og formidlingsleiar Rolf Magnus Orø skal samarbeide for å auke interessa for demens.

Foto: Torhild Øvrelid / NRK

Saman med fleire høgskular vil dei formidle kunnskap om sjukdomen. Sidan talet på eldre stig, vil truleg talet på demente gjere det same. Difor er kunnskapen om sjukdomen viktig, spesielt for dei pårørande.

Eva Gjengedal

TRUR PÅ NY FORMIDLING: Professor Eva Gjengedal ved Høgskolen i Molde trur teatret er vegen å gå for å formidle kunnskap om demens.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

- Når me tek teaterscena i bruk, så er det primært fordi me trur at språket i formidlinga der speler på andre strengar enn det fagterminologien gjer, seier professor Eva Gjengedal ved Høgskolen i Molde.

Vil auke interessa

Ho fortel at målet er å auke forståinga av sjukdomen, og gje betre innsikt i temaet. For mange er interesserte, trur ho.

- Eg trur dei er det. Noko av målet med dette prosjektet er å auke interessa fordi det blir meir demens i folket. Så håper me at det å få det inn på ein anna arena enn på skulane og i fagleg samanheng, så kan det auke interessa mellom folk flest, seier Gjengedal.

No kombinerer dei ei teaterframsyning med eit forskingsprosjekt, der dei vil invitere dei pårørande for å få vite korleis ei slik formidling kan bidra til innsikt i sin eigen situasjon.

Det viktigaste kjenneteiknet på demens er at pasienten hugsar dårlegare. Emnen til å orientere seg blir svekka, og det same blir emnen til å tenkje og kommunisere.

- Viktig tema

No blir det stadig fleire eldre mellom oss, og folk lever stadig lenger. Det betyr store utfordringar for dei som skal ta vare på demenssjuke i framtida. No håper ein at kunsten kan bidra til å auke kunnskapen om demens.

- Det er eit viktig tema, som mange kjem bort i. Både dei som får demens, dei pårørande, og omsorgsarbeidarar, og folk som jobbar med pårørande, seier Rolf Magnus Orø. Han er formidlingsleiar ved Teatret Vårt.

Med både høgskular og teatret involvert i prosjektet fins det forventingar til at det får resultat, men det gjer ikkje Orø nervøs. Dei er klare med fire framsyningar, der ein mellom anna får opplesing frå bøker og musikkinnslag.

- Annleis møteplass

Rolf Magnus Orø

- DEMENS ER EIT VIKTIG TEMA: Det meiner Rolf Magnus Orø ved Teatret Vårt.

Foto: Torild Øvrelild / NRK

- Ei av bøkene er skrive med utgangspunkt i at kona til forfattaren fekk Alzheimer, og malte bilde både før og etter ho vart sjuk. Dei tankane som ho gav uttrykk for gjennom bilda har mannen prøvd å tolke gjennom dikt som me skal framføre. Der blir også bilda med, seier han.

I fyrste omgang omfattar prosjektet fire framsyningar, men det kan bli meir.

- Me trur det kan vere ein litt annleis møteplass for dei som er interesserte i temaet. kanskje utviklar det seg til noko meir, me får sjå, seier Orø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL