Hopp til innhold

Topp innvandrar

Tamilen Steven Pushparajah frå Ulsteinvik er kåra til rollemodell for innvandrarar. Han blei heidra ved ei tilstelling på Litteraturhuset i Oslo torsdag.

Video 75224cd1-7e8f-4ee5-b412-f2f38d425eaf.jpg

Steven Pushparajah på Litteraturhuset

Steven Pushparajah blei heidra ved ei tilstelling på Litteraturhuset i Oslo

Foto: Andreas Sundby / NRK
Steven Pushparajah på talarstolen

Steven gjekk på talarstolen og demonstrerte at han er ein ekte sunnmøring.

Foto: Andreas Sundby / NRK
Torild Bugge

Torild Bugge meiner Steven betyr mykje for miljøet

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Steven er frå Sri Lanka men har funne sin plass i det norske samfunnet og har dei siste fem åra jobba som ingeniør på Ulstein Verft. Arbeidet består i å rekne ut styrken på skipa som blir bygde ved verftet.

- Dette er mitt hovedfag og eg kjem til å vere i skipsindustrien resten av livet mitt. Ved sida av dette skal eg prøve å utvikle små produkt i marknaden.

Steven er ein av ti som i år blei kåra av konsulentselskapet Leadership Foundation til Topp innvandrar og ein som kan vere rollemodell for andre.

- Eg føler at ei Top Ten-kåring gir meg status og anerkjenning og at eg er eit forbilde for innvandrarar i Noreg.

Ulsteingruppa har eit internasjonalt miljø med 19 nasjonalitetar representert. Og på kontoret i Ulsteinvik er dei stolte av Steven.

- Dette betyr mykje for oss, det er ei anerkjenning også for bedrifta, kollegaene og miljøet her, seier HM-direktør i Ulstein Group, Torild Bugge.

Bugge synes det er stor stas for alle og seier Steven kan vere ein god rollemodell og eit eksempel vidare.

- Når vi har ulike rollar, kjem frå ulike kulturar og har ulik bakgrunn, så klarer vi å skape meir i fellesskap.

Dei utkåra må vere til glede også for statlege styremakter som krev at innvandrarane må yte for å kunne nyte eit liv i Noreg.

Det finst mange flinke som gjerne vil, men har problem med å sleppe til i arbeidslslivet. Arbeidsløysa er mykje høgare blant innvandrarar enn blant etniske nordmenn.

Geir Barvik, direktør i Integerings - og mangfaldsdirektoratet seier at vi har mange innvandrarar i arbeid og ligg på europatoppen.

Geir Barvik
Foto: Andreas Sundby / NRK

- Men vi må få endå fleire i arbeid. Då er det viktig at dei som kjem til Noreg og får seg arbeid også kan bidra til å utvikle arbeidsplassen og også ta leiande roller.

Det starta med sveisearbeid for Steven, kort tid etter at han i april 1987 kom til Noreg som flyktning. Ingniørutdanning tok han i Ålesund og har sidan fått god jobb.

- Mitt råd er først og fremst at alle innvandrar som kjem til Noreg må lære seg språket. Så må dei vere oppsøkjande og kome ut i samfunnet.