NRK Møre og Romsdal omtalte 6. januar eit møte mellom polititillitsvalde i Molde og Karita Bekkemellem (dåverande barne- og familieminister, Ap) og Jan-Erik Larsen (dåverande statsekretær ved statsministerens kontor).
I saka som blei publisert 6. januar seier NRK at møtet med dei polititillitsvalde blei halde i mai 2001. Altså få dagar før saka blei endeleg vedtatt i Stortinget 21. mai og rundt fire månader etter at regjeringa innstilte på Kristiansund som sete for politimesteren 12. januar 2001.
Dei polititillitsvalde uttalar seg om si oppleving av møtet i Molde. Både Larsen og Bekkemellem har stadfesta at dei var på dette møtet og at spørsmål rundt Politireformen var tema. Det har ikkje lukkast NRK å få fatt i skriftleg dokumentasjon på datoen for dette møtet.
NRK Møre og Romsdal presiserer at tidlegare politimester Per Bygland i saka uttalar seg om prosessen i forkant av at stortingsproposisjon nr. 22 blei lagt fram 12. januar 2001. Denne uttalen er altså ikkje knytt til det omtalte møtet i Molde.
Vi ser at NRK si framstilling av saka i vår fjernsynssending og på våre nettsider 6. januar 2011, har bidratt til å skape eit uklart bilete av omstenda rundt møtet og dermed eit ukorrekt
inntrykk av Jan-Erik Larsen si rolle i samband med møtet. Dette seier vi oss leie for.