Hopp til innhold

Butikktilsette gruer seg til jobb

Tilsette i butikkar og varehus gruer seg til dei knallharde dagane i juleinnspurten.

Video Hard førjulstid

I desember sel butikkane fire gonger meir enn i ein vanleg månad. Arbeidspresset er stort, og tempoet er høgt. No er det siste innspurt på kjøpesenteret, og lite tid til avslapping. Varer for 47 milliardar kroner skal ut av norske butikkar i desember.

- Aular på med folk

- Eg veit kva eg har i vente. Når ein ser at det berre aular på med folk, veit ein at her er det berre å brette opp ermane og sette i gang, seier Janne Britt Fedje, som er butikkmedarbeidar på Coop Obs hypermarked i Ålesund.

Etter fjorten år i jobben har ho ingen tankar om å gi seg, men tidleg på hausten er det ofte slik at ho gruer seg til julemaset.

Kundar

Kundane strøymer på på Amfi Moa i Ålesund

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tunge tak og mykje overtidsjobbing har prega dei siste dagane. Butikkfolka føler ofte at dei ikkje strekk til i arbeidsdagen.

- Det er travelt, og det vert ofte korte pausar, seier Janne Britt Fedje.

- Det er harde tider

Kvar einaste nordmann julehandlar for 10 000 kroner, og gir arbeid og inntekt til titusener av butikkfolk. Men medaljen har ei bakside. Handel og kontor meiner det er ei skremmande utvikling med arbeidspress, overtid og søndagsjobbing.

- Dei gruer seg til denne julestria. Mange har sagt at når julaftan kjem, så er dei utslitne, rett og slett. Då har dei jobba for mykje. Det er harde tider, seier styremedlem i Handel og Kontor i Ålesund, Hanne Lise Sørensen.

Styremedlem i Handel og Kontor i Ålesund, Hanne Lise Sørensen

Styremedlem i Handel og Kontor i Ålesund, Hanne Lise Sørensen, har sympati med dei butikktilsette.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
senterleiar for AMFI Moa, Anne Mari Rødal Kleppe.

Senterleiar for AMFI Moa, Anne Mari Rødal Kleppe

Den knallharde julejobbinga får konsekvensar også for familielivet.

- Mange seier at dei må starte i oktober med å jobbe seg frampå heime fordi dei veit at når november kjem, så byrjar julestria allereie då.

- Det er dette som er jul

Jula er svært viktig for handelsstanden. Desemberhandelen skal overgå alt og gi endå flottare rekneskapstal.

- Vi skal kave oss litt opp til jul, og vi skal jobbe mykje. Det er det som er jul og det er det som gir julestemning. I alle fall oss som driv kjøpesenter, meiner senterleiar for AMFI Moa, Anne Mari Rødal Kleppe.

Julaftan kan dei puste på ei stund, før byttinga og vareoppteljinga overtar. Handel og Kontor-veteranen Hanne Lise Sørensen synast synd på familiefolk som må jobbe på spreng i butikkane.

- Juleønsket måtte vere at dei slapp å jobbe kvar søndag før jul, og at dei hadde litt meir fri for å kose seg med borna sine.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL