Hopp til innhold

Klar beskjed til helseministeren

– Kvar ei stemme tel, og 12.000 underskrifter er eit viktig steg på vegen, meiner Frode Tafjord frå Ålesund.

Frode Tafjord

Frode Tafjord i samtale med helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fredag.

Foto: NRK

I dag la han fram dei 12.000 underskriftene for ein betre ruspolitikk for helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i Oslo.

– Eg er spent på kva som skjer no og kva som vil kome ut av dette i ettertid, fortalde han då NRK var med han på møtet med helseministeren tidlegare i dag.

Les også:

Eit stort tap

Velse julaftan for tre år sidan døydde dottera Camilla av ein overdose GHB. Sidan den gong har arbeidet for ein betre ruspolitkk prega livet til Frode Tafjord. Han reiser mykje rundt på skular for å halde foredrag om kva konsekvensar rusmisbruk får.

– Eg har prata med ungdom, lærarar, foreiningar og andre for å samle desse underskriftene. Det arbeidet har eg heldt på med dei siste sju månedane, seier han.

Camilla Tafjord

Camilla Tafjord døydde frå familien vesle julaftan for tre år sidan. I åra etter har faren, Frode, brukt mykje av tida si på å arbeide for ein betre ruspolitikk.

Foto: NRK

Vanskelege år

9 år med ei rusavhengig dotter var prega av sorg og uro. Mange foreldre varslar kommunen for å få ungane inn til behandling, men då møter dei ofte uvilje og til og med vald frå dei som dei prøvar å hjelpe. Derfor lot foreldra til Camilla vere.

– Ein får beskjed om at ein må vente til ungane skrik etter hjelp. At eit barn skal leggjast inn til pålagt rusavvenning, er ei minimal belastning i forhold til å følgje dei på den lange vegen fram mot der dei skrik etter hjelp. Det unnar eg ingen, fortel Tafjord.

Han meiner det offentlege må sørgje for at ungdom som treng det, får avvenning. Og det før det har gått for langt.

Frode Tafjord

Frode Tafjord med eit bilete som dottera Camilla laga.

Foto: NRK

Imponerer helseministeren

Arbeidet han gjer, imponerer helseminister Strøm-Erichsen.

– Det spesielle her er at nokon som har hatt ei så trist og tragisk oppleving, likevel greier å engasjere seg så mykje i å hjelpe andre, seier ho til NRK.

Helseminsteren tykkjer det er viktig å få slike innspel som dette i rusdebatten.

– Hans historie og det materialet han har samla inn er noko ein sjå på, understrekar ho.

Men sjølv om underskriftene er overleverte, er ikkje fokuset på ruspolitkk over for Frode Tafjord.

Frode Tafjord

Det vart også tid til å snakke med andre politkarar. Her i prat med Framstegsparti-formann Siv Jensen.

Foto: NRK

Håpar at møtet fører fram

No håpar Tafjord at dette møtet vil føre til at færre får liva sine øydelagt av rusmisbruk.

– Sunn, frisk ungdom går til grunne, og det er ikkje berre ein eller to. Det er heile busslastar. Det har gått vekk like mykje folk på grunn av narkotika på ti år som det gjekk vekk på havet under andre verdskrig, påpeikar Frode Tafjord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL