Førre veke meldte Dagens Næringsliv at Marine Subsea er truga av tvangssal.
Lånegivarane skal ha trukke tilbake eit lån på 110 millionar dollar og sendt ut varsel om tvangssal av det kostbare spesialskipet Sarah som er bygd ved Ulstein Verft i Ulsteinvik.
No er framtida også usikker for søsterskipet Karianne som ligg ferdigbygd ved verftet.
Pengetrøbbel for Marine Subsea
Pengesituasjonen er vanskeleg for selskapet som har bestilt fartøyet, og ifølgje smp.no har fleire skotske medium varsla at Aberdeen-avdelinga til Marine Subsea har erklært seg teknisk konkurs.
Søsterskipa Sarah og Karianne er dei første fartøya Marine Subsea har bestilt med Ulstein Group. Dåpen av det førstnemnde skipet var ei stor markering som gjekk føre seg i fjor sommar ved verftet, og fleire tusen menneske var samla for å sjå og høyre Alexander Rybak og Sissel Kyrkjebø.
Sarah låg lenge til kai i Ulsteinvik, før det vart overlevert mot slutten av fjoråret etter fleire månader i forhandlingar.
Usikkert kva som skjer
Som følgje av dei økonomiske problema i Marine Subsea, har Ulstein Group varsla at det kan verte aktuelt å heve kjøpet av det siste skipet, Karianne.
– Det er veldig uheldig for Ulstein verft at oljeserviceselskapet Marine Subsea ikkje klarer å hente ut fartøyet når vi har ferdigstilt til avtalt tid og til avtalte vilkår, seier informasjonssjef i Ulstein Group, Lene Trude Solheim, til NRK.
– Den kontrakten vi har med kunden regulerer slike forhold som dette, og den avtalen må vi forholde oss til. Det er enda ikkje bestemt kva som endeleg skjer, men vi har tru og håp om at dette skal løyse seg, fortel Solheim.