Hopp til innhold

Jordras skapte trafikkproblem

Riksveg 61 mellom Haddal og Ulsteinvik var i ein periode stengt i ettermiddag grunna eit jord- og steinras.

Ras

Jordraset skapte problem for trafikken.

Foto: Jenny Helen Korsnes

Politiet fekk melding om raset klokka 15.50 som skal ha skjedd i Botnen like ved Kvalnestunnelen i Ulstein.

Politet og Mesta rykte ut til staden for å finne ut kor omfattande raset var, men kunne raskt avslutte opprydningsarbeidet som skapte trafikkproblem då mange var på veg heim frå arbeid.

Raset var nemleg ikkje av den store sorten, men det var stort nok til at det sperra delar av vegbanen og skapte problem for trafikkframkomsten.

Ras

Opprydningsarbeidet vart raskt avslutta og trafikken fekk gå som normalt.

Foto: Svein Smørdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL