Hopp til innhold

Fortel om livet med kreft

Laurdag morgon vert Magne Grimstad jr. frå Ulsteinvik portrettert i radioprogrammet ”Under samme himmel” i NRK P1.

Magne Grimstad jr og Kjetil Lillesæter (bak)

Magne Grimstad jr. blir portrettert i radioprogrammet ”Under samme himmel” i NRK P1 laurdag klokka 07.35. Programleiar er Kjetil Lillesæter (bak).

Foto: Gunnar Wiik

Om lag 300 000 nordmenn høyrer på når Magne Grimstad jr. fortel om kampen mot kreftsjukdomen. Det er ei historie om tøffe tak, men også om håp og omsorg.

Stor støtte

– Støtta frå kona mi Birgitte, og frå familie, vener og kjende har vore heilt avgjerande. Det har vore godt å kjenne på så mykje omsorg og omtanke medan eg har vore sjuk. Eg beundrar einslege menneske som må kjempe åleine mot krefta, fortel den 46-årige forretningsmannen og tobarnsfaren til programleiar Kjetil Lillesæter.

Dei siste undersøkjingane frå Aker Universitetssykehus gir Magne Grimstad jr. gode prognosar om å bli heilt frisk. Han fekk konstatert kreft i tarmen og skjoldbrusk-kjertelen i februar 2009, og har vore gjennom fleire cellegiftkurar.

Også positive opplevingar

– Sjukdom er ikkje berre negativt. Eg har kome nærare kona mi, borna mine, familie og vener i den vanskelege tida. Og det har gått opp for meg at livet er kort. Det gjeld å ta vare på dei gode stundene saman med familie, vener og kjende, seier Grimstad som er full av lovord over all støtte han har møtt frå folk i lokalmiljøet.

Intervjuet med Magne Grimstad jr. blir sendt i ”Under samme himmel” på NRK P1, laurdag klokka 07.35.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL