Hopp til innhold

Ankar ikkje likevel

28-åringen som er dømt for drapet på 32 år gamle Thomas Haukebø i Fræna i fjor sommar har trekt anken.

I Tingretten vart mannen frå Nordmøre dømt til fengsel i 13 år.

Han må også betale ei erstatning på over 360 000 kroner til dei etterlatne.

Forsvarar Paal Berg Helland seier til NRK at mannen trekkjer anken mellom anna av omsyn til pårørande og sin eigen familie.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL