Hopp til innhold

Ledig i helga? Sjå her!

Er almanakken heilt blank for helga? Ingenting å finne på der du bur? Set deg på bussen og reis! Det er nemleg mykje som skjer denne helga.

Ledig i helga?
Foto: Synnøve Hole / NRK

Nesten i kvar krik og krok av fylket er det festivalar og andre arrangement på tapeten. Så er du villig til å reise ein liten bit, kan du få med deg mykje rart. Sjå berre her:

  • Sommardagar på Hellesylt
  • Skjemtegaukfestivalen i Ulstein
  • Kulturhelg på Smøla
  • Vanylvsfestivalen i Vanylven
  • NM i islandshestar på Vestnes
  • Lokaloppgjer i eliteserien mellom MFK og Aafk

Dette er berre eit utval av det som skjer denne helga i Møre og Romsdal.

  • Veit du om fleire festivalar og hendingar denne helga? Tips oss nedst i artikkelen!

Mat og musikk på Smøla

Er du svolten på fiskemat, så kan Smøla vere staden å reise. Ingen ringare enn han som vann NM for lærlingar, Stian Lillehaug, står bak grytene på Smøla Havfiskesenter denne sommaren. Men det er meir enn mat på menyen.

Bodils brød

Brød og kanelsnurrar er på menyen i Rosvoll prestegard på Smøla søndag.

Foto: Ida Kjøstelsen

- Det skjer utruleg mykje her no. Laurdag skal det mellom anna vere konsert med Smølja Janistjar i Smølahallen. I fjor trekte dei over 700 tilhøyrarar. Denne helga er også alle museum opne på øya, seier leiaren for publikumssenteret på rådhuset, Anne Kathrine Wang. Søndag kan dei som vil få nysteikte kanelsnurrar og brød frå steinomnen på Rosvoll prestegard.

Merkesteinane live

Reiser du til søre luten kan du vere med på Vanylvsfestivalen denne helga. Er du svoren Jan Åge Fjørtoft-fan kan du nyte han i fri dressur som konferansier. På scena har han med mellom andre Donkeyboy. Tidlegare på dagen er Merkesteinane eitt av dei store trekkplastra.

Merkesteinane

Merkesteinane er eitt av trekkplastra under Vanylvsfestivalen i helga.

Foto: Merkesteinane

På Hellesylt kan du mellom anna få med deg World Cup fjellflyging frå Helsetkopen, der folk kastar seg ut for fjellet.

Hestar og fotball

Ein god fjording

Det blir mange fjordingar å sjå på Vestnes i helga.

Foto: Torgunn Kvellestad

I Vestnes er det NM i islandshestar denne helga, og det blir konkurrert i disiplinane femgang, firgang og tølt. Laurdag er det dessutan stor fotballhelg i Møre og Romsdal når MFK og Aafk møtest i Ålesund. Billettane er forlengst utselde, men du kan følgje kampen på radio og på nettsidene våre laurdag!

Til Ulstein for å le

Har du behov for å trimme lattermusklane kan du ta ein tur til Ulstein. Der er det Skjemtegaukfestival på Kaffibaren i helga.

Åge Andre Breivik

Festivalsjef Åge Andre Breivik

Foto: privat

- Hit kan ein kome om ein har lyst til å bli underhalden utan å gjere så mykje for det sjølv. Her får du det servert, og sidan vi har mange ulike folk på scena som er innom mange tema, går dei fleste herifrå med eit smil om munnen, seier festivalleiar Åge Andrè Breivik.

Veret?

Skjemtegaukane vil helst ha dårleg ver, for det trekkjer flest folk innadørs, og det er grunn til optimisme. Vervarselet fredag ettermiddag tilseier sørleg bris, utrygt for lokale regnbyer og litt sol.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL