Hopp til innhold

Redda etter storaksjon

To menn er berga etter ein stor redningssaksjon i fjorden utanfor Ulsteinvik i natt.

To personar er redda etter forlis ved Hatløya i Ulstein.
Foto: Kristian Kleppe

Politiet fekk ved halv tre-tida melding om ein båt som tok inn vatn, og heldt på å gå ned.

Ambulansehelikopteret fann båten ved Hatløya. Dei to mennene vart tatt om bord i ein båt, og deretter frakta med helikopter til sjukehus i Volda.

Mennene var nedkjølte, men skal ikkje ha fått alvorlege skadar.

I følge operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt er det mistanke om promillekøyring, og det er tatt blodprøve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL