Hopp til innhold

Redda nabo - fekk politiet etter seg

Omsorgsfulle naboar i Ulsteinvik fekk politiet etter seg då dei tok seg inn i ei hus fullt av røyk.

Naboane hadde neppe tenkt dei skulle få politiet i hælane, då dei natt til søndag knuste ei rute hos ein nabo for å kunne ta seg inn. Då hadde dei ifølgje politiet sett røyk inne i huset, men ikkje teikn til liv, og dei ante dermed uråd.

- Høyrde det singla

- Ein annan nabo igjen høyrde det singla i glas, og ringde oss for å varsle om det dei trudde var innbrot, seier operasjonsleiar Ivar Inge Klefstad ved Sunnmøre politidistrikt.

Denne naboen kunne ifølgje politiet fortelje at fem personar hadde brote seg inn i eit nabohus. Dermed rykte politiet ut i full fart.

Les også:

Tørrkokt panne

- Vi kom raskt til staden, men fekk umiddelbart forklaringa på kva som hadde skjedd. Han som budde i huset sov, og ei panne hadde tørrkokt. Dette hadde utløyst så mykje røyk at naboane ante uråd, og ville hjelpe til, seier Klefstad. Mannen i 30-åra som forårsaka oppstyret i nabolaget kom frå det utan skadar, og hadde ikkje behov for legehjelp, opplyser politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL