Hopp til innhold

Dømd for seksuelle overgrep

Ein 63 år gamal mann frå Nordmøre er dømt til ni månader fengsel for å ha utnytta stillinga si til å skaffe seg samleie med ei yngre kvinne han hadde i behandling.

Mannen hadde kvinna til behandling frå 2001 til 2004.

Tre månader av straffa er på vilkår.

Les: Tiltalt for overgrep mot pasient

Les: - Seksuelle overgrep mot psykiatrisk pasient

Les: Krever fengsel for seksuell omgang med psykiatrisk pasient

Kvinna som no er død, var psykisk sjuk og budde på ein instutisjon der mannen arbeidde.

Ein annan helsearbeider på ein annan institusjon der kvinna budde, vart i Nordmøre Tingrett frikjend for tiltalen om å ha skaffa seg samleie med kvinna.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL