Mannen vart meldt sakna då han ikkje kom tilbake som avtalt etter ein dykketur søndag ettermiddag.
- Han vart funnen klokka 21.37 av dykkarar, fortel operasjonsleiar Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt.
Leitinga vart sett i gong då mannen vart meldt sakna i 17.30-tida, og store styrkar leita utover kvelden, med både helikopter, redningsskøyte og dykkarar.
- Me kan stadfeste at han var omkomen då han vart funnen, seier Reite.
- Les meir om leiteaksjonen her: