Hopp til innhold

Alvorleg arbeidsulykke

Fall tre meter under arbeid på garasjetak i Volda.

Ein mann i 40 åra har fått alvorlege skader i hovudet og ryggen etter eit stygt fall onsdag formiddag.

Mannen monterte takstolar på ei garasje i Volda sentrum då han datt tre meter ned frå ein stige opplyser politiet.

Ulykka skjedde like før klokka 11.00 og mannen jobba på dugnad saman med to andre.

Mannen datt ned stigen då han fekk materiale over seg. Ambulansen var på plass i løpet av tre minutt fortel politiet. Mannen blir overvaka på sjukehuset i Volda, han har alvorlege men ikkje livstruande skader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL