Hopp til innhold

Her er årets kvinnelege gründer

- Ho er eit førebilete, det seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad om Gry Cecilie Sydhagen som vart kåra til "årets kvinnelige gründer" torsdag.

Gry Cecilie Sydhagen

Gry Cecilie Sydhagen vart kåra til 'Årets kvinnelige gründer' torsdag.

Foto: metizoft.com

Ho driv datafirmaet Metizoft AS, som blant anna utviklar program for verftsindustrien

Overraska

- Eg synes det er heilt fantastisk at denne prisen skulle ende opp på Herøy, seier Sydhagen.

Men ho legg til at ho vart svært overraska.

- Det kom heilt uventa. Det var så mange sterke konkurrentar, fortel årets kvinnelege gründer.

Lot seg imponere

Det er fyrste gong ein slik pris blir delt ut, etter initiativ frå Brustad.

Brustad fortel til NRK Møre og Romsdal at ho har latt seg imponere over Sydhagen som forretningskvinne og selskapet si evne til utvikling og framdrift.

I tillegg vert det trekt fram at ho har gjort det bra innanfor ei svært manndominert næring.

- Ho er ei dame med ambisjonar og gjennomføringsevne, avsluttar Brustad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL