Hopp til innhold

Lesarpris til Nesbø og Sveen

Jo Nesbø fekk tysdag Den norske lesarprisen for boka Hodejegerne. Prisen deler han med debutanten Lars Petter Sveen.

Jo Nesbø og Lars Petter Sveen

Jo Nesbø fekk lesarprisen frå Bokklubben Nye Bøker, og delte den med debutanten Lars Petter Sveen.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Boka er den fyrste krimromanen som ikkje handlar om politimannen Harry Hole, og brorparten av dei om lag 5.000 lesarane som stemte hadde Nesbø si bok som favoritt.

- Dette kjennes sterkare enn då eg fekk den fyrste gong, seier Nesbø, som også tidlegare har vunne Den norske lesarprisen.

Deler prisen

- I ei lang forfattarkarriere forventer ein ikkje å vere populær heile tida. Det var veldig mange gode bøker ute i fjor, så det er eigentleg meir stas å få den no enn det var fyrste gong, seier han.

Prisen er på 50.000 kroner og ein skulptur laga av Kjell Erik Killi Olsen. I tillegg får han dele ut ytterlegare 50.000 kroner til eit lovande forfattarskap som han sjølv vel.

Jo Nesbø valde novelledebutanten Lars Petter Sveen. Han debuterte i 2008 med novellesamlinga "Køyre frå Fræna", som gir eit dystert bilde av utkant-Noreg.

Litterært tyngdepunkt

- Det er nok tilfeldig dette valet. For Lars Petter Sveen får ikkje prisen fordi han er Fræning, men han får prisen trass i at han er Fræning. Han har rett og slett skrive ei jævlig god bok, seier Nesbø.

- Eg syns rett og slett at den fortente å dele prisen med Hodejegerne, seier han.

Sist han fekk leserprisen delte han den med Tiger Garté frå Surnadal. Noko dreg han altså mot fylket i Nordvest.

- Ting kan tyde på at det litterære tyngdepunktet i Noreg ligg ein stad midt mellom Surnadal og Fræna. Eg les ikkje alle bøker som kjem ut i Noreg, men berre dei som ser interessante ut. Men eg ser ingen betre bøker. Dei to er rett og slett knallgode bøker, seier den erfarne forfattaren.

Fleire prisar

"Køyre frå Fræna" av Lars Petter Sveen

'Køyre frå Fræna' fekk dele leserprisen med Jo Nesbø-boka Hodejegerne.

Foto: Aschehoug

Sveen har tidlegare fått Tarjei Vesaas sin debutantpris, og debutantprisen til Aschehoug. Lesarprisen blir delt ut av Bokklubben Nye Bøker.

- Det er altså ikkje berre eg som syns bøkene er gode, forsikrar han.

- Det har blitt mange prisar på kort tid, og veldig overraskande, seier Lars Petter Sveen om prisane han har fått.

Han syns det er stort med den æra som blir vist til boka, som handlar om unge menn i Fræna. I følge Sveen prøver han å skildre unge menn i heile Noreg, ikkje berre i Fræna i boka.

- I boka mi har unge menn det ganske bra, ler han.

Tek fri for å skrive

- Eg syns det er vanskeleg å skildre Noreg i dag, men eg har sett på dei vala som ein må ta for å kome inn i det vaksne livet. Då er det lett å ikkje sjå konsekvensane, seier han.

Sveen seier han er overraska over å ha fått alle prisane, men seier at det gir både moralsk og økonomisk oppmuntring til å halde fram med skrivinga.

- Eg blir rett og slett glad, seier han.

- No skal eg setje prispengane på ein høgrentekonto, og ta meg fri og skrive i eit halvt år, fortel han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL