Hopp til innhold

Norsk prest langt heimefrå

- Kjære menighet, nåde være med dere, og fred fra Gud vår far, og vår herre Jesus Kristus. Please be seated.

Per Inge Vik

NORSK PREST I USA: I 13 år var han prest i Haram, neste år er han prest i Skodje. No er han i USA.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Slik opnar Per Inge Vik norsk gudsteneste i Minneapolis, og kyrkjelyden set seg ned, for det siste forstod dei.

Presten ser ut over eit kyrkjerom som på mange måtar minnar om dei heime. Benkane er like harde, bibelsitata på veggane er på gamalnorsk, men han ser eit publikum som gjerne har større vilje enn evne til å forstå det han seier.

- Ei lita norsk øy

- Det er ei lita norsk øy, så langt vekke frå Noreg. Den norske kulturen er det så sterk interesse for. Norsk kultur, norsk historie, norsk språk. Det er det som gjer denne kyrkja unik, seier Vik.

Mindekirken

EIT SAMLINGSPUNKT: Mindekirken er eit samlingspunkt for alle dei som kallar seg norske i området.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Kontoret hans er enkelt og praktisk. Ein stor pult har hovudplassen, langs veggen står stolar for besøkande, og over pulten heng eit bilete av Geirangerfjorden. Det er her han held seg, når han ikkje er i andre enden av huset og held Gudsteneste.

I snart to og eit halvt år er det Minneapolis og Midtvesten som har vore heime for Per Inge Vik.

Byen er tufta på nordiske tradisjonar, og banda til heimlanda er sterke.

Minnesota har i overkant av fem millionar innbyggjarar, av dei reknar så mange som 850.000 seg som norske. Dei dansar folkedans, dei et lutefisk, dei har til og med rosemåling på McDonald's.

Viktig kontaktskapar

Mindekirken spelar ei viktig rolle for kontakten med gamlelandet.

- Det er av og til det kan verke som om Mindekirken nærast er som ein ambassade. Når det kjem besøk frå Noreg skal dei innom hit. Det gjeld til dømes stortingsdelegasjonar. Kronprinsen har også vore her, nokre månader før eg kom. For nokre månader sidan var tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik her på preikestolen. Same dag spelte Annbjørg Lien, og Sondre Bratland song, seier han stolt.

Bratland og Lien hadde også konsert etterpå. Det skjedde under den årlege Leiv Erikson-festivalen, som vert arrangert i Mindekirken kvar haust. Også i fjor fekk kyrkja besøk frå Møre og Romsdal, då var Henning Sommero der.

Store skilnader

- Dåp og gravferd, seier Vik.

Det er den største skilnaden mellom prestegjerninga i Mindekirken og på Sunnmøre.

- Her er det mange færre kyrkjelege handlingar, fordi det er færre medlemer. Det er største skilnaden i det daglege. Ein annan skilnad er at det her er eit kyrkjeleg engasjement som er veldig inspirerande for ein prest å oppleve. Her må dei gjere alt sjølve for å få kyrkjelivet til å gå, og det skaper engasjement, seier Vik.

Per Inge Vik

PÅ NORSK OG ENGELSK: Gudstenestene i Mindekirka går på engelsk og norsk, kvar søndag.

Foto: Åge André Breivik / NRK

For kyrkjene i USA er ikkje som i Noreg.

Mange av dei som kom frå Europa til USA var forfulgte grunna religionen sin heime. Difor vart det eit viktig prinsipp i det nye landet at alle skulle vere frie til å ha sin eigen religion og si eiga kyrkje, noko som har ført til at enkelte byar i USA har fleire gudshus enn butikkar.

Men med fridom kjem ansvar.

Alle kan starte ein kyrkjelyd, men då må dei samle inn pengar til drifta av den sjølve. Slik er det også med den norsk-lutherske Mindekirken. Den er starta av nordmenn, driven av folk med norske anar, og skal alltid ha ein norsk prest. Kvar søndag er det gudsteneste både på norsk og engelsk, og det er alltid kyrkjekaffi etter begge.

- Etande kyrkjelyd

- Måltida her er veldig viktige. Denne kyrkja er ei etande kyrkje. Me har mange typar måltid. Nokre av dei er for å skaffe pengar, andre for å byggje fellesskap.

- Eg har innført litt nye tiltak også, når me snakkar om måltid. Ein fredag kvar månad serverer me ein god, gamal norsk lunsj. Det kan vere fiskekaker med kålstuing, fiskebollar i kvit saus, fiskegrateng eller lapskaus, seier presten.

Han meiner kyrkjelyden tek godt imot all maten han serverer, sjølv om dei anser lutefisken for å vere det heilt urnorske.

- Det har vore artig å sjå at lutefisken her både er eit emne for humor, men i tillegg er det mange fleire som et lutefisk her enn i Noreg. Eg trur det er i ferd med å ta seg opp også heime i Noreg no. Har ikkje det vorte restaurantmat siste tiåret eller noko sånt?

Vender heim

Til sommaren har Vik brukt opp sin tre år lange permisjon frå Den Norske Kyrkja, og då må norsk-amerikanarane få tak i ein ny. Det er utenkjeleg å finne ein prest andre stader enn i Noreg.

- Det er ein av dei spesielle tinga ved Mindekirken. Her skal vere ein norsk prest til ei kvar tid. Allereie er ein komite i gang med å finne etterfylgjaren min. Stillinga er utlyst i Vårt Land og fleire andre norske aviser, seier han.

Sjølv ser Vik fram til å kome tilbake til Sunnmøre.

- Det vert heilt sikkert også kjekt. Eg var 13 år i Vatne og Brattvåg. Når eg kjem heim skal eg vere prest i Skodje. Det gler eg meg til, fortel Vik.

Men det vert ingen fare for engelske preiker her.

- Nei, på Sunnmøre vert det gudsteneste på nynorsk, smiler han.

Per Inge Vik og forgjengarane

MED FORGJENGARANE: Per Inge Vik er ein i ei lang rekke norske prestar som har vore i Mindekirka. No er kyrkjelyden på jakt etter arvtakaren hans.

Foto: Åge André Breivik / NRK