Hopp til innhold

Dårleg med likestilling i nordvest

Møre og Romsdal kjem dårleg ut på likestillingsindeksen til Statistisk sentralbyrå.

Kjønn
Foto: NRK

Berre Aust-Agder (2,2) og Vest-Agder (2,0) kjem dårlegare ut. Med ein likestillingsindeks på 2,3 står Møre og Romsdal på linje med Nordland og Østfold.

Fylka

Dei tre fylka på topp er Akershus (3,0), Oslo (2,9) og Sogn og Fjordane (2,8)

Landsgjennomsnittet er 2,5.

Sidan 2002 har Møre og Romsdal og Aust-Agder veksla om å vere på nest siste plass, medan Vest-Agder heile tida har kome sist.

Kommunane

I Møre og Romsdal er Molde og Norddal dei mest likestilte kommunane (3,3) med Rindal hakk i hæl (3,2). Molde og Norddal kjem som nr. 36 og 37 i landssamanheng.

Lågast skårar Vanylven og Averøy, med 1,6 poeng. Dette er også lågt i landssamanheng.

Ser vi på alle landets kommunar, ligg Tromsø på topp for tredje året på rad med 3,8 poeng. På botnen blant alle dei 431 kommunane ligg Selje, Bjugn og Farsund med 1,3 poeng.

Korleis blir indeksen til?

Statistisk sentralbyrå har samanfatta ulike mål for likestilling mellom menn og kvinner, og understrekar at dette også kunne vore gjort på andre måtar.

Alt om likestillingsindeksen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL