Hopp til innhold

Flått verste problemet for husdyra

Flåtten er eit langt større problem for husdyra i fylket, enn alveld og rovdyr.

Flått truer sauenæringa
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Landbruksavdelinga i fylket ønskjer at det blir sett fokus på dette.

Miljøutvalet i Møre og Romsdal blei orientert om saka tysdag, og leiar Steinar Reiten seier dei no tek intitiativ for å setje i gang eit prosjekt for å redusere tapstala.

Store tapstal

Ifølgje landbruksavdelinga er dei siste sikre tapstala frå 2007. Dei viser eit tap her i fylket på 8500 lam og sauer på ein sommar. Og tala er aukande. Enkelte stader er tapa på opptil 30 prosent i eit beitelag. Rovdyrbestanden er så låg at den aleine ikkje kan stå ansvarleg for dette. Fylkesagronom Åshild Melkeråen seier det er fleire grunnar til at flåttproblemet i Møre og Romsdal er så omfattande.

Ikkje berre sau

Flåtten er ikkje berre eit problem for sauen, men folk som ferdast i utmark og skog er også utsett for alvorlege sjukdomar. I tillegg spreier den seg, og no er det ikkje berre langs kysten. Flåtten er like hissig i innlandet og i fjellet. Politikarane tar no tak i dette og vil at landbruksnemnda, folkehelseutvalet og miljøutvalet samarbeider om å finne tiltak. Eitt nærliggande forslag kan vere avskyting av dei store hjortestammene i enkelte kommunar.

Flått
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL