Hopp til innhold

Blir stengd i fleire dagar

Det kan ta lang tid før rasstrekninga på Riksveg 70 blir opna.

Oppdølstranda helikkopterbilde
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Seks personar frå Statens Vegvesen arbeider med å rydde fjellsida på Oppdølstranda der eit steinras gjekk søndag.

Arbeidet er vanskeleg og det kan ta fleire dagar før vegen mellom Sunndalsøra og Ålvundeid blir opna.

Farleg arbeid

Fjellsida blir rydda for laus stein før eit helikopter iløpet av onsdag skal bombe fjellsida med vatn for å få fjerna alle steinar som kan ligge lause.

Når dette arbeidet er gjort, skal geologar kontrollere fjellsida.

Det betyr at det kan ta fleire dagar før vegen blir opna.

Båt i skytteltrafikk

Rassikringa har praktisk tala delt Sunndal kommune i to.

Omtrent 2000 bilar trafikkerer dagleg strekninga som no er stengt. Fleire hundre menneske skal på arbeid og skule, og desse får reise med båt mellom Ålvundeid og kommunesenteret Sunndalsøra.

Ordførar

Ordførar i Sunndal kommune, Tove-Lise Torve seier at det truleg blir sett inn ei ferge forbi strekninga etter kvart.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL