Hopp til innhold

Død kvinne funnen i vatnet

Ei 38 år gammal kvinne, busett i Volda, blei i ettermiddag funnen død i Rotevatnet i Volda.

Kvinna blei meldt sakna frå heimen sin i føremiddag, og politiet sette igang leiteaksjon.

Både Røde Kors og eit ambulansehelikopter deltok i søket.

Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL