Hopp til innhold

Riggar til flygekonkurranse

I fem dagar skal dei konkurrere om kven som flyg fortast. Denne helga er det rigging av rampe på toppen av Gridsetskolten.

Laurdag morgon starta 20 mann på beringa av utstyr til toppen av fjellet. Sjefen Paul Fortun fortel at dei hadde mykje som skulle til toppen.

Rampebygging på kanten av stupet
Foto: Johnny Bjørkås

Kvalifisering neste veke

- Me hadde med oss 200 kilo berre med rampen, i tillegg hadde me med om lag 75 kilo med utstyr for å få sett han saman, fortel han.

Etter at Ekstremsportveko i Voss no er over kjem det fleire hopparar til Innfjorden for å vere med på kvalifisering til den spesielle konkurransen.

Testing av rampen

32 deltakarar skal 7.-9. juli konkurrere med hopp ut frå fjellet. Desse deltakarane skal plukkast den komande veka, når oppvarmingsveka til konkurransen tek til.

Difor må rampen stå klar denne helga. Laurdag ettermiddag er framleis bygginga av rampen i gang, men ut på kvelden håper Fortun at dei skal få teste ut rampen, for å sikre seg at alt fungerer.

Sprintkonkurranse

Når konkurransen startar 7. juli er det ein såkalla sprintkonkurranse, fortel Paul Fortun. Det vil seie at konkurransen går ut på å flyge fortast mogleg frå exit som ligg på 960 meter over havet, til ei målline som ligg horisontalt 750 meter lenger framme.

Dermed er det stor skilnad på kor langt ein faktisk flyg i konkurransen.

Rampebygging på Gridsetskolten

Rampen fungerer som utgangspunkt for ein flygetur 750 meter rett fram.

Foto: Johnny Bjørkås

- Det er opp til kvar enkelt, kva vinkel dei vel å legge seg på ut frå hoppet, fortel han. Konkurransen fungerer etter utslagsmetoden, og frå 32 startande skal dei kjempe seg ned til ein vinnar.

- Alt har gått veldig bra

Fortun reknar med at dei kan få tider heilt ned i 17 sekund under konkurransen. Fyrst etter at mållina er passert løyser dei ut fallskjermen. Då ligg farta til flygarane på rundt 250 kilometer i timen.

No er altså alt klart for konkurransen om litt over ei veke.

- Alt i dag har gått veldig bra, fortel Fortun.

- Me har hatt med oss eit veldig bra crew opp her i dag, og fleire har gått fleire runder for å få alt utstyret opp på fjellet, legg han til.

Konkurransen skjer under Norsk Fjellfestival i Romsdalen. Festivalen varer frå 7. - 13. juli, medan World Base Race varer frå 7.-9. juli, med to ekstra dagar innrekna for å ta unna for verproblem.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL