Hopp til innhold

- Misbruk av ytringsfridomen

Stortingsrepresentant Lodve Solholm frå FrP meiner det er eit misbruk av ytringsfridomen å leggje ut svartelister på internett mot folk som har engasjert seg i barnevernsaker.

Lodve Solholm

- Dette er etter mitt skjønn feil bruk av ytringsfridomen, seier Lodve Solholm.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Solholm står sjølve på svartelista saman med mange politikarar, juristar, kommunetilsette og fagfolk.

Solholm har svært lite sans for slike tiltak.

- Feil bruk av ytringsfridomen

- Nei, eg tykkjer ikkje noko om det. Eg trur dette er ein feil bruk av debattforum, og etter mitt skjønn også ein feil bruk av ytringsfridomen, seier Solholm.

- For meg er ytringsfridomen heilag, og vil folk halde fram på denne måten må dei få lov til det. Eg taper ikkje min nattesovn fordi eg står på den lista, sjølv om eg ikkje ser grunnen til at eg står der, fortel han.

- Dersom målet er å gjere barnevernet betre, få betre fosterheimar, og betre ordningar for barn som treng omsorg, så trur eg dette er feil.

Barnevernssympatisørar på svarteliste
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Mange på lista

Lodve Solholm er langt frå åleine om å stå på denne svartelista. Bak lista står ein organisasjon som kallar seg "Gruppen til Familiens Selvstendige Rett".

På lista står både politikarar, kommunalt tilnsette, fagfolk, juristar, domarar, journalistar og folk som jobbar i politiet. Dei har det til felles at dei har engasjert seg i barnevernssaker, og blir omtala som "barnevernsympatisørar" på denne nettsida.

Lodve Solholm registerer at han står på lista og har ikke tenkt å foreta seg noko vidare. Å politianmelde saka er ikkje aktuelt.

- Nei, som politikar må ein finne seg i ganske mykje, så det har eg ikkje tenkt å gjere, seier han.

- Dialog nyttar

- For meg er som sagt ytringsfridomen heilag. Viss folk trur at dei kan oppnå noko med dette, så må dei gjerne gjer det. Eg trur at dette er ein misbruk av ytringsfridomen, og trur det er uklokt å gjere det desse no har gjort, legg Solholm til.

- Det skaper frontar, det skaper ikkje dialog, snarare tvert om, seier han.

- Vil me rette på ting i samfunnet er dialogen det som nyttar best, då må ein setje seg ned rundt eit bord, finne ut korleis me skal løyse dei ymse sakene, og dette fører ikkje fram til dialog, seier Solholm.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga