Hopp til innhold

Facebook blir "Fjesbok" ?

Den internasjonale nettstaden "Facebook" kjem no på nynorsk.

Facebook

- I desse dagar kjem stadig meir av Facebook i nynorsk språkdrakt. Dette er eit viktig framsteg for nynorskbrukande ungdom, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

Ein av fire på Facebook

Kvar fjerde nordmann er no på Facebook, skriv Dagens Næringsliv i dag. For kort tid sidan vart Facebook oversett til bokmål. No er den nynorske versjonen i kjømda.

Jens Kihl
Foto: Norsk Målungdom

- Vi ser at nynorskbrukande ungdomar ofte slit med låg språkleg sjølvtillit, i tillegg til at dei møter språket sitt for lite. Då er det enormt viktig at dei kan få populære ungdomstenester som Facebook på sitt eige språk, meiner Kihl. Dette er med på å syne at nynorsk duger til all slags bruk. NMU-leiaren meiner det er særskild gledeleg at det er ungdomen sjølve som står bak omsetjingsarbeidet.

Brukarane omset

Facebook tillot tidlegare i år brukarane å omsetje nettstaden til sine eigne språk. Nettstaden har også arrangert røystingar, for å få fram dei oversetjingane som brukarane likar best.

- Eg tykkjer det er flott å sjå korleis stadig nye bitar av «fjesboka» kjem på språket mitt. I dag er truleg opp mot ein million nordmenn Facebook-medlemer. Statistisk sett vil kring 150.000 av desse vere nynorskbrukarar, trur Jens Kihl i Norsk Målungdom.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL