Hopp til innhold

Dei ryddar Trollstigvegen

Snøryddinga i Trollstigen er i gang, og blir truleg ferdig til vanleg tid.

Trollstigvegen snørydding mai 2008
Foto: David Grøvdal, Statens vegvesen

- 2008 er eit normalår når det gjeld snømengde, seier seksjonssjef Ivar Hol i Statens vegvesen. Han reknar med at Trollstigvegen blir opna siste veka i mai, slik det har vore dei siste 10 åra.

Trollstigen før snøryddinga våren 2008

Enno går berre eit skispor over Stigfjellet.

Foto: David Grøvdal, Statens vegvesen

Før vegen kan opnast, må Bispefonna, Byksefonna og andre fonner ha gått. Dessutan må isen som heng oppe i svingane dette ned, seier Ivar Hol. Men Vegvesenet har god tru på at ved månadsskiftet skal bilane kunne køyre over Stigfjellet.

Trollstigvegen snørydding mai 2008
Foto: David Grøvdal, Statens vegvesen
Trollstigvegen snørydding mai 2008
Foto: David Grøvdal, Statens vegvesen
Trollstigvegen snørydding mai 2008
Foto: David Grøvdal, Statens vegvesen

Alle foto: David Grøvdal, Statens vegvesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL