Hopp til innhold

Døyr av matmangel

I fleire år har ein mange stader i fylket sett at hjort svelt i hel.

Hjort på Sandstad på Hitra
Foto: Arvid Bredesen

Sjølv om jaktkvotane har blitt større dei siste åra er det for lite mat til hjorten.

Viltforvalter Ulf Lucasen

Viltforvaltar Ulf Lucasen

Foto: Picasa 2.7

- Samansett bilete

Ulf Lucasen hos Fylkesmannen seier at det er fleire grunnar til hjortedøden.

– Det er mange årsaker til dette. Nokre stader greier ikkje jegerane å ta ut kvoten, andre stader ynskjer ein ikkje ta ut alle dyra ein har løyve til å ta ut. Det kan også bli gitt for små kvotar av kommunane.

Vinteren kritisk

Det er om vinteren mange hjortar bukkar under. Då heldt hjorten seg på små areal, noko som fører til stort beitepress. Dette gjer at hjorten øydelegg sitt eige næringsgrunnlaget.

Vurderer offentleg jakt

Lucasen seier at Fylkesommunen ikkje kan sette i gang jakt for å regulere hjortebestanden. Men i framtida håper han at det blir annleis.

– Vi ynskjer at Direktoratet for naturforvalting kan gi løyve til offentleg jakt. Hjortestammane har blitt større, difor ynskjer vi ei ordning slik at ein kan gå inn og ta ut hjort der bestanden er for stor.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL