Hopp til innhold

Minnemarkering for betre vegar

Alle yrkessjåførar i tungtrafikk var oppmoda om å stanse i to minutt klokka 12 onsdag. Markeringa var til minne om to vogntogsjåførar som omkom i ei møteulykke i Alvdal for halvanna veke sidan.

Vogntog
Foto: MMS, Fawad Ashraf / NRK

Oppmodinga om å delta i markeringa blei send omkring med sms. Ein av dei som fekk mange meldingar og deltok i markeringa var Finn André Fredvik Eriksen, som har sitt eige transportfirma og køyrer sjølv. Han seier at markeringa både er til minne om dei to kollegaene og ei understreking av kravet om betre vegvedlikehald.

Krakeli og Fredvik Eriksen

Dagrunn Krakeli og Finn André Fredvik Eriksen

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- For dårleg vedlikehald

- Har du sjølv hatt problem med dårlege vegar i dag?

- Ja, i dag er eg på Eide, og her er det veldig dårlege vegar. Slik vêret er i dag, med mykje vatn og slaps, så er det dårlege forhold for lastebilar, seier Fredvik Eriksen

- Slik vegvedlikehaldet er blitt, kjenner du deg utrygg som sjåfør?

- Ikkje berre eg, men alle sjåførane mine. Det er nesten så vi lurer på kvar Arbeidstilsynet er, slik situasjonen er på vegane. Vi køyrer nok ekstra varsamt, men det hastar med å få ut varene, og det er auka fare for at ulykker kan skje. 

- No seier vegvesenet at dei vil prioritere vedlikehald framfor nye vegar...

- Det har vi høyrt dei siste fem åra, men einaste endringa eg ser, er at avgiftene blir større, seier Finn André Fredvik Eriksen.

Støtte frå lastebileigarane

Distriktssjef Dagrunn Krakeli i Lastebileigarforbundet seier at eigarane stiller seg fullt og heilt bak den markeringa sjåførane held i dag.

- Først og fremst vil vi heidre dei to kollegaene våre som omkom på jobb, seier ho. - Men vi ser med skrekk på korleis det er blitt med vegvedlikehaldet, og markeringa er også retta mot politikarane som ikkke løyver nok pengar. No høyrer eg at samferdselsminister Navarsete går inn for offentleg-privat samarbeid om vegbygging, og eg har tru på at det er dette som skal til for å få betre vegar raskt.

Franske tilstandar?

Finn André Fredvik Eriksen seier at han vil støtte større aksjonar dersom ikkje noko skjer på høgare hald snart. - For oss som ligg etter vegane er situasjonen nesten uhaldbar. Vi skulle kanskje hatt litt meir franske tilstandar for å få fart på saka, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL