Det er Geiranger IL og Devold Geiranger Halvmaraton som har fått arrangementet i konkurranse med "Skåla Opp" i Loen og "Mefjellet Opp" i Fjørå i Norddal.
21 km motbakke
Geiranger Halvmaraton blei starta i 1993 og er eit av dei eldste motbakke-fjelløpa i landet. Løypa er 21 km lang og går frå Geirangerfjorden til Dalsnibba, 1476 meter over havet. Den gjennomsnittlege stigninga er på 7%.
I 2005 ( Skåla Opp) og 2006 (Saudehornet Opp) gjekk NM i særs bratte løyper med gjennomsnittleg stigning på over 20% der deltakarane må springe med sekk. Når Sentralstyret i Friidrettsforbundet no har lagt NM i motbakkeløp til Geiranger, har dei ønskt at også NM må tilpasse seg meir dei internasjonale meisterskapsløpa der det skal vere veg til topps for at deltakarane skal kunne springe utan sekk og få transportert sekkane til topps. Dessutan har forbundet ønske om å få raskare og lettare løyper i NM.
Mellomting
Geiranger Halvmaraton er også ein mellomting mellom ei vanleg EM- og VM-løype ( 1200m stigning på 12 km pluss/minus 20% ) og ei løype i VM i langdistansefjelløp ( Mountain Running Long Distance). der løpstida for menn skal være over 1 t. 45 min. og den samla stigninga må overstige 1600 meter.