Hopp til innhold

Tap av husdyr på beite

Ikkje berre rovdyra tar sau på beite, men mange bønder mister dyr av andre årsaker. Det er ein klar auke i bønder som søker erstatning for tap av husdyr på beite, seier Kirsti Connor i Landbruksavdelinga..

Kirsti Hjelme Connor

Kirsti Hjelme Connor i Landbruksavdelinga i fylket har fått inn mange søknader om erstatning.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

I fjor blei det betalt ut om lag ein million kroner i erstatning blant dei 42 søknadane som kom inn.

Så langt i år er det kome inn 55 søknader om erstatning for husdyr på beite, og det er venta fleire. Det er tap av sau og lam over heile fylket, men flest i Rauma.

 

Ymse årsaker

Husdyr på beite i utmark går tapt av mange forskjellige årsaker, og i mange tilfelle får ein aldri svar på kva som har skjedd med dei. Kadaver forsvinn ofte fort.

Nokre får sjukdomar etter flåttbitt, giftige planter tar liv og nokre dør også i ulukker, seier Kirsti Connor i Landbruksavdelinga som behandler søknadene frå saubønder i fylket.

Reven tar lam

Rovdyra som jerv og bjørn har gjort store innhogg i sauebestandar på beite, men også mindre dyr som reven tar lam..

Til og med dei enorme nedbørsmengdane i fjor haust tok liv av husdyr, til dømes i Ørsta der dyr har drukna i oppfløymde elver.

Dei alle fleste av bøndene som søker erstatning for tap av husdyr på beite av andre årsaker enn rovdyr, får dekt tapa sine utover eigendelen på 30 prosent. I fjor blei det betalt ut omlag ein million kroner i erstatning.