Hopp til innhold

Pellets kan erstatte gass

Energiselskapet Hafslund vil tilby olje og energiministeren eit biokraftverk på Averøya som alternativ til eit av dei mobile gasskraftverka.

Pellets
Foto: AP Photo/Toby Talbot

Eit biokraftverk er Co2 nøytralt og vil dermed vere godt nytt for miljøet.

Utvidar prosjektet

Hafslund har danna selskapet Biowood Norway saman med Møre og Romsdal Biobrensel AS. Frå før har Biowood planar om å bygge verdas største pelletsfabrikk på Averøya. Med i planen er også eit mindre biokraftverk som kan forsyne fabrikken med straum.

Men no utvidar dei altså prosjektet. Dei vil bygge eit biokraftverk som kan produsere nesten like mykje straum som eit av dei mobile gasskraftverka. Dette kraftverket kan stå på Averøya og vere eit reservekrafverk dersom det skulle bli kraftkrise i regionen.

Statnett lunkne

Konserndirektøren for varme og infrastruktur i Hafslund,  Per Kristian Olsen har vore i kontakt med Statnett om saka, men han meiner dei virka lunkne til planane.

- Dei har valt å leige mobile gasskraftverk som forureinar og dei ville ikkje reversere planane. Difor vil vi no ha eit møte med statsråden og departementet, seier Olsen.

- Gasskraftverk må til

En slik enhet skal det settes opp sju av på Tjeldbergodden.
Foto: Statnett

Og kommunikasjonsdirektøren i Statnett, Tor Inge Akselsen, seier dei står fast ved at mobile gasskraftverk må til, sjølv om Hafslund no kjem med eit alternativ som forureinar mindre.

- Dette kjem lovleg seint i forhold til våre planar. Dersom Hafslund vil bygge eit biokraftverk, ser vi med glede på det. Vi ønsker all energiproduksjon velkomen til regionen. Men vi skal uansett setje opp to mobile gasskraftverk i Møre og Romsdal, slår han fast.

Endeleg avgjerd før jul

Hafslund skal ta ei endeleg avgjerd på om dei skal bygge pelletsfabrikk på Averøya før jul. Deretter vil det ta omlag to år å kome i produksjon.

Olav Bratland
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fylkesordførar Olav Bratland meiner planen om eit biofyrt reservekraftverk er god, og han vil bidra som døropnar inn i det politiske miljøet.

- Vi er i akutt forsyningskrise på straum i tida framover og eit alternativ til mobile gasskraftverk ville vere kjempeflott.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL