Hopp til innhold

Titusener utan straum

Titusener av straumkundar på Sunnmøre var utan straum søndag føremiddag. I følge Tafjord Kraft var alle innbyggarane i kommunane Ålesund, Sula, Giske, Vestnes, Ørskog, Skodje, Haram, Stordal, Stranda og Norddal berørte av straumbrotet.

Straumen har også vore borte andre stader på Sunnmøre og i Nordfjord.

I følge Statnett skuldast straumbrotet brot på leidningen mellom Ørskog og Viklandet ved Sunndalsøra.

- Etter 45 minutt hadde dei fleste fått straumen tilbake, seier informasjonsleiar Kari Løken i Tafjord Kraft.

Straumen gjekk klokka 10.20, og titusener av innbyggarar vart straumlause.

Det blir no arbeidd med å sikre straumforsyninga til dei kundane som ikkje har fått straumen tilbake. Dette gjeld kundar som er knytt til trafokioskane i Ystenesgata, Holmegata og Grensegata i Ålesund.

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL