Arne Flatin
Arne Flatin (født 1965) har arbeidd i NRK Møre og Romsdal sidan 1988. Han har arbeidd som vaktsjef på radio og TV i mange år, men har også jobba mykje som reporter og nyheitsanker på radio. Den siste tida har han også vore å sjå på skjermen som programleiar for 18.40-sendinga vår. I tillegg til dette har Flatin vore fast fotballkommentator på radio både frå Molde og Ålesund i mange år. Debuten skjedde i 1992 og han er dermed mellom dei mest erfarne kommentatorane i den populære radiosportsendinga som samlar fleire hundre tusen lyttarar kvar helg i fotballsesongen.
Arne Flatin er gift og har fire barn. Han kjem frå Ulsteinvik der han mellom anna har gitt ut bok om heimklubben, Hødd. Han har studert media i Volda og historie på universitetet i Bergen.
Interesser utanom familie og fotball er fotografering, film, teikneseriar og friluftsliv.
Artikkelen er flere år gammel.