Hopp til innhold

Må prioritere barnevernet

Venstre krev eit krafttak for dei som står på barnevernet si venteliste i Møre og Romsdal. Nesten 500 born her i fylket står på venteliste.

Jente med koffert
Foto: Illustrasjonsbilde:, Scanpix

Fylkesleiaren i Venstre, Trond Hansen Riise, meiner situasjonen er heilt uakseptabel.

- Den er svært alvorleg, og det har følgjer for fleire tusen personar i fylket at born ikkje får den hjelpa dei har rett på og behov for frå det offentlege.

Krev handling

Venstre meiner alle kommunane må få tilbod om foreldrestøttande program i løpet av 2008.
- I tillegg må kommunane prioritere barnevernet sterkare. Møre og Romsdal Fylke må også bli ein sterkare utviklingsaktør på dette feltet. Til slutt må kommunane samhandle sterkare med frivillige lag og organisasjonar, seier Hansen Riise.