Hopp til innhold

Snart premiere på Marit og dyra

3.februar kjem serien Marit og dyra på NRK Super. Ein serie i åtte delar om seks år gamle Marit Krakset på Hakallegarden i Vanylven. Marit sjølv har eit avslappa forhold til det heile etter som ho alt har sett alle episodane!

Marit Krakset (6) har hovudrolle i ny NRK Super-serie.

Seks år gamle Marit frå Hakallegarden vert hovudperson i ny serie på NRK Super.

Hakallegarden i Vanylven har vorte ein ganske stor opplevingsgard etter kvart og ekteparet Olav og Aina Krakset har lagt ned mykje pengar og arbeid i området.

Ute og inne er det eit rikt utval av dyr og fuglar og opp i alt dette er Marit. Førsteklassing og snart i ei hovudrolle på riksdekkande fjernsyn.

Marit med mamma Aina

Marit saman med mamma Aina

Foto: Arne Flatin / NRK

Marit held seg mykje saman med hunden Bamse, men er aller mest glad i hestane.

Når NRK Møre og Romsdal er på besøk får vi sjå ei jente som er oppteken av alle dyra på garden. Alle saman har fått namn og Marit er sjølsagt på fornamn med dei.

Ventar på sola

Det er ein flott januardag på Hakallegarden når vi er der, men sola er borte i fire månader om vinteren, så både mamma Aina og Marit gler seg til sola igjen kjem over fjella og kastar glans over garden.

Pappa Olav er ikkje heime denne dagen, men han har sjølvsagt ei hand med i det meste av det som skjer på garden. Marit er førsteklassing og kan fortelje at programskapar Eva Westvik for lengst har besøkt skulen og fortald om tv-serien. I tillegg har klassa sett to av episodane.

I tv-serien er det Marit sitt nære forhold til alle dyra på garden vi får sjå og høyre meir om.

Artikkelen held fram under bildet

Hakallegarden

Frå Hakallegarden i Vanylven

Foto: Arne Flatin / NRK

Mamma, Aina, synest Marit har vore tålmodig og flink under dei tidkrevjande opptaka på Hakallegarden.

I dei åtte episodane skal det mellom anna handle om då ho vart kasta av hesten og braut armen rett før 6-årsdagen, om den dagen i året då dei vaksne skal bestemme kva dyr som skal slaktast og om den dagen dei ventar på at eselbabyen skal kome ut.

Bamse på Hakallegarden

Hunden Bamse har også ei sentral rolle i serien.

Foto: Arne Flatin / NRK