Hopp til innhold

Meldt til politiet for å ha vist fingeren

Det var ikkje berre tenåringar som helte innpå litt for mykje alkohol natt til søndag. Ein mann i 50-åra ventar på straff etter å ha gitt politiet finger'n.

Politi illustrasjonsfoto
Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Fleire nytte alkohol natt til søndag – enkelte kanskje litt meir enn andre. Ein middelaldrande mann vil få bot etter å ha gitt fingeren til politiet.

Kostbar finger

I straffeloven heiter det at ein ikkje skal hindre ein offentleg tenestemann i å gjere jobben sin. Skjellsord eller hån mot politiet kan føre til bøter, eller i dei aller verste tilfella – fengsel opp til seks månader.

– Mannen kan vente seg ei bot etter å ha forulempa politiet, seier operasjonsleiar Øyvind Sund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Eldre måtte bli køyrt heim

Det var ikkje berre denne mannen som skapte ekstra jobb for politiet i natt.

Ei kvinne i slutten av 60-åra blei plukka opp av politiet ved Braatthallen i Kristiansund like før midnatt. I politiloggen står det at kvinna var overstadig rusa.

Ein time seinare måtte politiet gjere det same med ein mann som nærma seg 70 år. Han var ifølgje loggen ein full og vanskeleg gjest på ein uteplass i Sunndal.

Sendt til legevakt etter slåsting

Like før klokka to blei to personar arresterte etter å ha slost ved ein uteplass i Kristiansund sentrum. Både fornærma og ein av dei arresterte blei sendt til legevakta. Sak blir oppretta, opplyser politiet.

Politiet fekk nok å halde fingrane i med fleire personar på glattcelle natt til søndag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL