Nokre centimeter til og dei ferdigpakka varene til Ekornes ville ha vore i trøbbel i denne delen av fabrikken.
Industrivernleiar Knut Andreassen prisar seg lukkeleg over at tre-avdelinga er skåna for flaumen. Det er fordi tilsette på kveldsvakt klarte å stoppe vassmengdene i tide. På denne avdelinga står fleire kostbare industrirobotar.
Fleire tilsette har gått ut av vanleg produksjon for å hjelpe til i oppryddingsarbeidet.
Folk frå Statens vegvesen står på ei hustrapp og kikar på skadane til Ikornneselva.
Vegen er vaska vekk og elva går tett inntil bustadhuset til venstre.
Statens vegvesen er på synfaring på brua på FV71. Flaumen har ført til store skader på vegen.
Store mengder vatn og gjørme pressa på porten som blei barrikadert med to truckar og to vasstankar på eit tonn kvar.