Hopp til innhold

– Her får du garantert fisk

Småbåtar i hopetall ligg i Borgundfjorden og prøver fiskelykka. Fiskeskipper Arild Ulstein garanterer fangst.

Småbåtar i hopetall ligg i Borgundfjorden og prøver fiskelykka. Fiskeskipper Arild Ulstein garanterer fangst.

Svein Dalen meiner at Ålesund må vere den einaste staden i verda der ein kan dra ut med ei lita jolle berre meter frå bysentrum og hale i land store torskar.

Arild Ulstein

Skipper og turarrangør Arild Ulstein garanterer turfølget sitt fangst.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det nærmar seg kveld og då finn både lokalbefolkning og turistane fram fiskestengene sine i Ålesund. Og det tar ikkje mange minutta før jubelen slepp laus og ein fin tosk vert dratt opp.

Sjølv om det er fem år sidan det verdsberømte Borgundfjordfisket vart stengt for garnfiske og dermed for yrkesfiskarar, er det likevel stor aktivitet i fjorden rett utanfor Ålesund sentrum. Fritidsbåtane ligg tett.

Garanterer fangst

Arild Ulstein er skipper og turarrangør og han melder om aukande interesse for fritidsfiske.

– Eg garanterer at dei som er med får fisk. Får ikkje dei napp, er turen gratis, seier Ulstein og ler.

Alt frå kinesarar, svenskar, russerar og japanesarar har han med seg på båttur.

Bit best i skyminga

Borgundfjordfiske

Mange fritidsbåtar ligg i fjorden kvar dag for å fiske torsk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Svein Dalen er på båttur saman med ein gjeng frå Skodje jeger og fiskeforeining og han synest det er suverent å kunne hente opp torsk berre 100 meter frå land.

Knepet for å få fisk er å ta han i skyminga. Dalen trur at Ålesund er den einaste plassen i verda ein kan få 20 kilos torskar rett utanfor byen. Han meiner fleire burde prøve fiskelykka.

– Det er blikkstille på sjøen. Det er berre å ro i ei lita jolle og dra opp torsken, seier Dalen begeistra.