Hopp til innhold

Kleven flyttar heim stålproduksjon

Store delar av Kleven Maritime sin skrogproduksjon blir no flytta heim frå Aust-Europa til Ulsteinvik. For å få til dette blir det bygd ein stor hall med ei høgteknologisk sveisrobotlinje.

Skipsverftet Kleven i Ulstein flyttar delar av skrogproduksjonen frå Aust Europa og heim igjen. For å få til dette blir det bygd ein hall med ei høgteknologisk sveiserobotlinje. Til saman investerer verftet i rundt 100 millionar kroner i anlegget sitt. Trass i moderniseringa blir ikkje talet på tilsette redusert.

Kleven Maritime flyttar heim delar av skrogproduksjonen til verftet i Ulsteinvik

Til saman investerer verftet rundt 100 millionar kroner i anlegget.

– No er vi i ein av dei nye produksjonshallane som Kleven bygger, fortel konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven Maritime.

Rasmussen fortel om planane for framtida, der Kleven Maritime satsar stort å bygge skipsskrog sjølv.

– Oppover her held vi på å lage ei produksjonslinje for bygging av stål, med robotar med automatisert handtering, seier Rasmussen medan han peikar mot enden av hallen.

– Dette er det ypparste av det skipsbygging kan produserast med i dag.

Saka held fram under bildet.

Ståle Rasmussen

Her viser konsernsjefen korleis den nye skrogproduksjonen til Kleven Maritime, på verftet i Ulsteinvik, skal bli.

Foto: Arne Flatin / NRK

Henta spesialteam frå Sverige

Claes Svensson

Claes Svensson fortel at sveisehastigheita vil auke med tre til fire gonger med nytt utstyr.

Foto: Arne Flatin / NRK

For å få på plass den nye teknologien har Kleven henta eit spesialteam frå Sverige.

Dei har no arbeidd med det i lang tid, og 1. mai skal alt vere på plass og klart for produksjon.

– Ja, det kjem til å bli sveising av seksjonsdelar med laser. Det blir den seinaste i teknikken og vi kjem til å auke sveisehastigheita tre til fire gonger.

Det fortel Claes Svensson, arbeidsformann i Kleven Maritime.

– Viktig investering

Manuell sveising blir erstatta av robotar, og konsernsjefen er klar på at omlegginga er framtidsretta.

– Det er ei stor og viktig investering. Det er framtidsretta, ny teknologi og vi tek skipsbygging tilbake til Noreg, seier Rasmussen til NRK.

Ståle Rasmussen

Konsernsjef i Kleven Maritime, Ståle Rasmussen, er klar på det ikkje blir færre tilsette i bedrifta.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han er klar på at å hente heim produksjon er ein del av den klare strategien til Kleven Maritime.

– Det er veldig kjekt å investere i det vi har trua på for framtida.

– Men det er ikkje mange åra sidan ein prata om å flytte alt av skrogproduksjon til Aust-Europa?

– Det stemmer, men dette er vår strategi. Andre skipsverft og verfteiningar gjer det på andre måtar. Dette er vår måte å skilje oss ut på, fortel konsernsjefen.

Ikkje færre tilsette

Han er òg klar på at prosjektet er berekraftig økonomisk.

Om nokon skulle frykte å miste jobben, som følgje av den teknologiske utviklinga, kan dei ta det med ro.

– Vi vil spare inn på manuelle operasjonar, men vi får fleire tilsette rundt dette og vi skal ha eit volum gjennom her, seier Rasmussen.

Han meiner dei skaper nye arbeidsplassar.

– Vi bringer arbeid tilbake til Noreg og skaper andre typar teknologiintensive arbeidsplassar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL