Hopp til innhold

Slik feirar dei Ivar Aasen i dag

Klokka 09 i dag opna «Nynorskstafetten» med song over heile landet. På Ivar Aasen sin heimstad Ørsta ljoma «Mellom bakkar og berg» på rådhuset.

 I dag opna Nynorskstafetten.

Nynorskstafetten vart opna med korsong.

Ivar Aasen

Ivar Aasen-statuen med stafettpinnen i handa.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Nynorskstafetten er Noregs Mållag sitt bidrag til Språkåret. I 2013 skal dei feire nynorsken og Ivar Aasen. I dag gjekk startskotet og klokka 09 song skular, barnehagar, arbeidsplassar og institusjonar «Mellom bakkar og berg» eller «Nordmannen», som songen offisielt heiter. På Ørsta rådhus sat teksten som spikra.

– I dag er ein kjempedag, seier Terje Kjøde i Sunnmøre mållag. Han dreg vidare frå rådhussong til språkstund i barnehagen. Deretter vert det kranspålegging ved statuen til Ivar Aasen, språkkafé og endå meir program.

LES OGSÅ:

Turne

Håvard B. Øvregård

Håvard B. Øvregård skal på turne i fotspora til Ivar Aasen.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Ivar Aasen skapte nynorsk ved å reise rundt i heile landet for å samle inn norske ord og dialektar. No skal mållaget også ut på ein landsomfattande turne.

– Vi skal reise rundt 12.000 kilometer. Ein kilometer for kvart medlem vi har i mållaget, seier Håvard B. Øvregård.

Han er leiar i Noregs Mållag og var sjølvsagt på plass for å synge på Ørsta rådhus i dag.

Språkglede

Mållaget stoppar på rundt 140 plassar rundt om i landet frå no og fram til september.

– Vi skal spreie språkglede og nynorskglede, seier Øvregård. Dei som får besøk er barnehagar, skular og alle lokale mållag har sine arrangement i tillegg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL