Hopp til innhold

Siv Jensen: – Folket skal ikkje betale for ein ferjefri europaveg 39

Ein ferjefri europaveg 39 skal ikkje bli finansiert med bompengar, sa leiar i Framstegspartiet, Siv Jensen, då ho besøkte Ålesund i går.

Siv Jensen og hengebru-illustrasjon

Siv Jensen meiner slike hengebruer kan finansierast utan bompengar. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Foto: NRK/Statens vegvesen

Framstegspartiet vil arbeide for at staten skal ta heile rekninga for eit ferjefritt E 39.

– Den auka bompengefinansieringa er unødvendig. Vi betaler allereie nok i vegavgifter, seier Siv Jensen.

LES OGSÅ: – Eit kjempeviktig prosjekt

Framstegspartiet vil kjempe hardt for eit ferjefritt E39 dersom dei kjem inn regjering etter valet.

– Det kjem vi til å gå inn for allereie i Nasjonal Transportplan som blir behandla av Stortinget i vår. Så vil vi slåst for det når vi sett oss ned ved forhandlingsbordet med Høgre, KrF og Venstre, seier Jensen.

LES OGSÅ: Næringslivet på Vestlandet mobiliserer

Møreaksen

Møreaksen.

Foto: Illustrasjon / NRK

FrP er det einaste partiet på Stortinget som meiner at eit ferjefritt E39 kan bli finansiert utan at folket må legge igjen pengar i bommen.

– Norge manglar jo ikkje pengar, vi manglar vilje til å investere vårt overskot i vår egen verdiskapning, seier Jensen.

Partileiaren meiner ein bør investere i vegar, jernbaner, flyforbindingar og hamnar.

– Om ein brukar pengane slik kan ein styrke verdiskapinga i Norge på sikt, seier Jensen.

LES OGSÅ: Gigantbruer kan gi ferjefri E39

– Har de ei løysing på korleis eit ferjefritt E39 kan realiserast raskast mogleg?

– Legg ut større strekningar av gongen og bruke andre utbyggingsmetodar. Så må vi vere villige til å bruke pengar. For det kostar pengar å bygge ut vegane, avsluttar Jensen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL