Hopp til innhold

Katolsk vekking i Noreg

Antall katolikkar i Noreg er firedobla på få år. I Ålesund har katolikkane messer kvar dag.

Katolsk kyrkje

Pål Bratbak er sokneprest for ei kyrkje i sterk vekst.

Foto: Remi Sagen

Dei siste 10 åra har talet på katolikkar i Norge blitt nesten tredobla.

I 2002 var 44.000 innbyggarar registrert i den katolske kyrkja i Noreg. I fjor hadde den katolske kyrkja heile 120.000 medlemmer. Truleg er talet på praktiserande katolikkar over 200.000.

Det er arbeidsinnvandring frå Polen, som er hovudårsaka til at Noreg stadig får fleire katolikkar.

Daglege messer

Katolske kyrkja i Ålesund

I Ålesund er det daglege messe for dei som ynskjer det.

Foto: Remi Sagen

Industrifylket Møre og Romsdal er eit av dei fylka der mengd registrerte katolikkar har auka mest. Over 5000 medlemmer har dei tre katolske kyrkjelydane i Ålesund, Molde og Kristiansund. For ti år sidan var medlemstalet så vidt over tusen.

I Ålesund har den katolske kyrkjelyden tre messer kvar helg. Ei på norsk og to på polsk.

–Om søndagen er kyrkja fylt til randa. Det er ikkje tvil om at arbeidsinnvandring er den viktigaste årsaka til auken. Vi er også ute i distrikta å holder messe for dei som ikkje kan kome til kyrkja i Ålesund, seier sokneprest Pål Bratbak.

Katolske kyrkja i Ålesund

Kyrkja i Ålesund

Foto: Remi Sagen

I over 50 år har den katolske kyrkja i Nørvasundet i Ålesund hatt messer. No er det håp om at enda fleire finn vegen hit også på vanlege kvardagar. Sjølv om tilbodet ikkje er veldig godt kjend enno, så er aktiviteten stor.

–At kyrkja no er open kvar dag gjer nok at folk snublar innom litt oftare. Dei veit at klokka 18.00 skjer det alltid noko i kyrkja. For vår del er det berre bra at kyrkjerommet vert brukt enda meir, seier Bratbak.

Åndeleg føde

Ingunn Hellevik er ein av brukarane av den katolske kyrkja i Ålesund.

Ingunn Hellevik

Ingunn Hellevik er ei av dei som brukar den katolske kyrkja i Ålesund.

Foto: Remi Sagen

–Vi har lært i Herrens bøn at han skal gi oss vårt daglege brød. Og denne kyrkja gir no sjansen til å få vårt dagleg brød for sjela og trua vår, seier Hellevik.

Og sjølv om gudstenestene berre går føre seg på norsk og polsk, hindrar det ikkje folk frå andre nasjonar å nytte seg av kyrkja.

–Berre i vår kyrkjelyd har vi menneske frå 72 nasjonar. Då er det ein fordel av kyrkja vår er enkelt innreia. Dei klassiske katolske tinga er til stades, og alle kan kjenne seg att. Det er ikkje slik at vi i vår kyrkje reindyrkar ein spesiell katolsk kultur, seier Bratbak.

I katolske land er kyrkjene ein naturleg del av kvardagslivet. Soknepresten håpar at fleire vert inspirert til å bruke kyrkjene også her i landet:

–Den katolske kyrkje er absolutt ei folkekyrkje i Norge. Det er ei naturleg ting i mange menneske sitt liv å gå i kyrkja, seier Bratbak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL