Hopp til innhold

Nytt romjulsuvêr skaper trøbbel

Full storm og kraftige snøbyer skaper trøbbel i Midt-Noreg og på Nordvestlandet. Til helga kan vinden kome opp i orkan styrke fleire stadar i landet.

Ekstremvêret «Dagmar» laga kaos for eitt år sidan, med skremmande vindkast, enorme bølgjer og store skadar langs kysten.

Oppryddinga etter «Dagmar» blir ikkje ferdig før langt ute i 2013.

Etter kaoset i fjor var nok roleg jul, med perfekt snø ønskja. Men vêret er urokkeleg. Storm, full storm, kraftige snøbyer og orkan i kasta. Det er nokon av meldingane for kvelden og den komande helga.

Saka held fram under videoen.

Bølgjene er høge på Nordmøre, 3. juledag 2012. Bilda er tekne langs Atlanterhavsvegen på Nordmøre.

Langs Atlanterhavsvegen på Nordmøre var vêret, torsdag ettermiddag, heller grumsete. Utover kvelden blir vinden sterkare og bølgjene større. I Trøndelag blir det endå verre.

Vêromslag lagar trøbbel

Gunnar Livik

Meteorolog Gunnar Livik fortel at vêret blir ruskete.

Foto: Privat

– Kortvarig kan det kome opp i full storm på kvelden.

Det er melding frå meteorolog Gunnar Livik. Midt-Noreg får ein vêrhard kveld, der Trøndelag og Nordmøre får den største trøkken.

Kraftig vind har allereie meldt seg, og snøbyer kan gjere ting vanskeleg. I Kristiansund er byingeniøren klar.

– Det er vanleg arbeidsdag, med folk på arbeid klokka sju. Men på renovasjon er det uvanleg, seier byingeniør Thor Magne Hasselø til NRK.no.

– Det som er no er vêromslaget. Det er meldt meir vind, og med snøen kan det blir svært store skavlar som samlar seg opp.

– Må følgje med

Hasselø fortel at dei har fullt brøytemannskap ute, medan dei reknar med ei søppelopprydding som varer til laurdag.

– Vi må følgje med no. To mann er på vakt til ei kvar tid, og vi kallar ut folk om nødvendig.

– Akkurat no er snøen problemet, for den må vekk før den verste vinden kjem. Og vi må få inn all søpla.

Han pustar derimot litt letta ut. For det blir ikkje så gale som for eitt år sidan.

– Det blir ikkje så sterk vind at det blir farleg.

Koseleg vintervêr blir det derimot ikkje:

– Det blir kraftige snøbyer innimellom, og med mykje vind vil det nok gi eit ganske ufyselege vêr, seier meteorolog Livik.

Veiholmen

Meteorologen åtvarar mot glatte vegar etter snøfall på is. Her på Veiholmen på Smøla.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK