Hopp til innhold

Markering for asylborn

12. jaunar neste år blir det nasjonal markering for å vise sympati med dei to asylborna som ikkje får opphaldsløyve i Noreg.

 

Det opplyser biskop i Møre, Ingeborg Midttømme.

Målet er å få lagt eit politisk press på regjeringa og Stortinget, slik at asylborna som har fått avslag ikkje blir sendt ut av Noreg.

21. desember avgjorde Høgsterett at to asylborn som er fødd og oppvaksen i Noreg, ikkje får bli.

Dette kan få konsekvensar for over 400 andre asylborn som er i same situasjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL