Hopp til innhold

Irans president vil forhandle fram avtale i Syria

Irans president Hassan Rohani seier at han er klar til å gå inn i ei meklarrolle i borgarkrigen i Iran.

Hasan Rohani

Irans president Hassan Rohani vil prøve å få til ei fredeleg løysing på borgarkrigen i Syria.

Foto: Ebrahim Noroozi / AP

Rohani skriv dette i eit innlegg i den amerikanske avisa Washington Post fredag. Her skriv han at den iranske regjeringa er klar til å hjelpe til med å skape dialog mellom den syriske regjeringa og opprørarane.

– Vi må gå saman om konstruktivt å arbeide for nasjonal dialog, ikkje berre i Syria, men også i Bahrain, skriv han i innlegget. Han legg til at det er naudsynt å skape ein atmosfære der menneska i regionen kan skape si eiga framtid.

Den siste tida har Hassan Rohani gjort det klart at han er interessert i ein dialog med Vesten om det iranske atomprogrammet, og at han vil betre forholdet til USA. Han har også sagt at han vil prøve å reparere det svært dårlege forholdet til Saudi-Arabia.

Den norske eksperten Sverre Lodgaard seier at det er klare teikn til oppmjuking i Iran .

Iran har vore den viktigaste støttespelaren til regimet til Bashar al-Assad i Syria.

Tidlegare i dag sa ein representant for det syriske regimet at landet kan tenkje seg å tilby opprørarane ei våpenkvile .

LES OGSÅ: Assad: – Syria trenger ett år på å ødelegge kjemiske våpen

LES OGSÅ: Norge vil ta imot 1000 kvoteflyktninger fra Syria

SISTE NYTT

Siste nytt