Hopp til innhold

- Klare teikn på oppmjuking i Iran

Seniorforskar ved NUPI, Sverre Lodgaard, ser klare teikn til oppmjuking internt i Iran, og han meiner det gir håp om at landet kan få til ein avtale med USA om atomprogrammet.

Kayhan Barzegar og Sverre Lodgaard i Urix-studio.

Kayhan Barzegar (t.v.) og Sverre Lodgaard snakka om Iran i Urix i kveld. På skjermen i bakgrunnen Irans president Hassan Rohani.

Foto: Laila Ødegård Bakken / NRK

Sverre Lodgaard var i kveld gjest hos Annette Groth i Urix på NRK2 i kveld saman med leiar for Instituttet for strategiske Midtausten-studiar i Teheran, Kayhan Barzegar. Dei to var samde om at den nyvalde presidenten i Iran, Hassan Rohani, meiner alvor når han snakkar om ein ny veg.

Hassan Rohani, kandidat ved presidenvalget i Iran

Den nye presidenten i Iran, Hassan Rohani, vil ha dialog med dei vestlege landa.

Foto: Vahid Salemi / Ap

Hassan Rohani har sagt at han vil ha ei løysing med Vesten i striden om det iranske atomprogrammet. I tillegg er mange politiske fangar sette fri.

Utviding av det offentlege rom

Sverre Lodgaard ser klare teikn på at det går føre seg ei oppmjuking internt i Iran, at det offentlege rom blir utvida, noko som blant anna gjeld Internett. Han trur at dette kanskje kan vere eit signal til USA og andre.

– Det er veldig viktig at Rohani har sagt at han vil ha meir openheit om atomprogrammet. Det går rykte om at han kan vere villig ti å leggje ned det omstridde Fordo-anlegget for oppriking av uran i Quom. Han har også sagt at han har alle fullmakter til å forhandle fram ein avtale med USA, seier Lodgaard.

Han meiner det er viktig å merkje seg at den øvste leiaren i Iran, ayatolla Ali Khamenei, heldt ein tale til den mektige Revolusjonsgarden onsdag. Der sa han klart at det er tid for ein ny politikk. Lodgaard meiner det blir stadig meir tydeleg at den nyvalde presidenten har støtte frå Khamenei.

LES OGSÅ; Obama brevvekslet med Irans president

Innslag i Urix torsdag 19. september 2013

VIDEO: Sverre Lodgaard om Iran

- Revolusjons-gründer

Seniorforskaren meiner det er vanskeleg å definere kor moderat Hassan Rohani er. Han minner likevel om han er valt med reformistane si støtte, og at han såleis har forplikta seg indirekte overfor dei.

– Rohani har også sagt at å få til eit betre forhold til Saudi-Arabia er hans høgste prioritet. Det trur eg er klokt strategisk val, seier Lodgaard

Sjølv om det er Ali Khamenei og Vaktarrådet som har den øvste makta i Iran, så minner Lodgaard om at Rohani faktisk var ein av gründerane av den iranske revolusjonen. Han var på flyet til ayatolla Khomeini då han returnerte til Iran frå Paris etter sjahens fall i 1979.

LES OGSÅ: Kun kompromiss kan redde Syria

LES OGSÅ: Blandede forventninger til Irans nye president

– Ein tredje veg

Kayhan Barzegar, leiar for Institutt for strategiske Midtausten-studiar i Teheran, seier at Hassan Rohani har valt ein tredje veg for Iran, ein veg som skal forbinde Iran med resten av verda.

Innslag fra URIX torsdag 19.september 2013

VIDEO: Kayhan Barzegar om Iran

– Iran er i endring. Dei unge i landet vil ha kontakt med det internasjonale samfunnet, dei treng det for økonomien si skuld, seier han. Han trur likevel ikkje dei internasjonale sanksjonane påverkar korleis Iran tenkjer i atomspørsmålet.

– Sanksjonane er viktige, dei har effekt på økonomien. Men dette er ikkje hovudårsaka til at den iranske politikken har endra seg. Det viktigaste er viljen til ein ny politikk i Teheran, legg han til.

LES OGSÅ: Iranernes drøm lever videre

– Rohani meiner alvor

Barzegar er heilt sikker på at Rohani meiner alvor når han seier at Iran ikkje er interessert i å utvikle atomvåpen, men berre utvikle atomenergi.

Han minner også om at forgjengaren Mahmoud Ahmadinejad også sa dette, men at den nye presidenten uttrykkjer seg mildare. Målet er det same, seier han, men tilnærminga er ny.

SISTE NYTT

Siste nytt