Hopp til innhold

Norsk klesgigant signerer Bangladesh-avtale

Ein av dei to største klesselskapa i Noreg, Varner-gruppen, vil omsider slutta seg til den internasjonale avtalen som skal gje tekstilarbeidarane i Bangladesh ein mindre risikofylt arbeidskvardag.

Bygningskollaps i Savar i Bangladesh.

Fokuset på etisk produksjon av klede har auka i store delar av verda etter at ein fabrikk i Bangladesh kollapsa i slutten av April. Over 1200 arbeidarar omkom. Ingen norske kjeder produserte kleda sine ved denne fabrikken.

Foto: A.M. Ahad / Ap

IEH - Per Bondevik

Per Bondevik er dagleg leiar i Initiativ for etisk handel (IEH), ressurssenter og pådrivar for etisk handel. - Dei som handlar klede i omfang frå Bangladesh bør ha gode argument for ikkje å bli med på Accord-avtalen, seier han.

Foto: Morten Brakestad/lysbordet.no

Då første fristen for signering av den historiske avtalen gjekk ut i midten av mai, stilte både Varner-gruppen og Voice, dei to største klesselskapa i Noreg, seg utanfor.

Helly Hansen var det einaste norske merket som skreiv under «The Accord on Fire and Building Safety».

No opplyser Varner-gruppen, at dei har bestemt seg for å bli med. Dermed vil kjeder som BikBok, Carlings, Cubus og Dressmann forplikta seg til avtalen om om brann- og bygningstryggleik i verstinglandet Bangladesh.

– Me har alltid vore veldig positive til avtalen, men hadde behov for å drøfta einskilde av punktene med Initiativ for etisk handel (IEH) og Framtida i våre hender før signering, seier Annabelle Lefebure Henriksen i CSR-avdelinga til Varner-gruppen til NRK.

Rekordmange vil bidra

Organisasjonen Initiativ for etisk handel (IEH) er sentral i arbeidet med å få norske selskap med på avtalen. Dei meiner det er både gledeleg og viktig at Varner-gruppen sluttar seg til den.

– Det er veldig bra og viktig på to måtar. For det første er det viktig i seg sjølv å få med det største norske klesselskapet på laget. For det andre er avtalen laga slik at jo fleire som er med, jo betre og billegare blir det for den einskilde aktøren, seier dagleg leiar i IEH Per Bondevik.

Etter Kina er Bangladesh det landet Noreg importerer mest klede frå. I 2012 importerte me klede frå Bangladesh for 836 millionar kroner, ifølgje hovudorganisasjonen Virke.

På grunn av få tryggingstiltak, dårlege elektrisitetsanlegg og overfylte bygningar, er dødelege brannar og kollapsar ikkje uvanleg i tekstil-sektoren i Bangladesh, som er den nest største tekstileksportøren i verda etter Kina.

Seinast i slutten av april omkom over 1129 tekstilarbeidarar då det ni etasjar høge bygget dei jobbar i kollapsa. I tillegg blei nærmare 1000 alvorleg såra. To månader etter tragedien, er minst 316 personar framleis sakna.

Over 50 internasjonale klesmerke var involverte i produksjonen i fabrikkane som heldt til i bygget.

Syersker på en fabrikk i Dhaka, Bangladesh

Kvinner i arbeid på ein fabrikk i Dhaka i Bangladesh. Med om lag 4500 tekstilfabrikkar er Bangladesh den nest største eksportøren av klede og tekstilar i verda etter Kina.

Foto: MUNIR UZ ZAMAN / Afp

Voice vil venta

66 bedrifter rundt om i verda har no signert Accord-avtalen.

I denne nye bindande avtalen heiter det at ingen tekstilarbeidar i Bangladesh lenger skal måtte frykta brannar, bygningskollapsar eller andre ulukker som ein kan førebyggja med rimelege tryggingstiltak.

Med dagens oppslutning dekkjer avtalen halvparten av tekstilarbeidarane i Bangladesh, ifølgje IEH.

– Aldri før så mange kleskjeder og fagforeiningar gått saman for å gjera kvardagen sikrare og betre for tekstilarbeidarane i Bangladesh. Interessen er god nok til at det no er mogleg å starta eit fornuftig arbeid basert på denne avtalen , men det er ingen grunn til at ikkje fleire skal vera med, meiner Bondevik.

Blant dei som ikkje har bestemt seg enda, er den andre klesgiganten i Noreg, Voice, med kjedane VIC, Match og Boys of Europe.

Produktdirektøren i Voice, Emma Norman, seier dei framleis ventar på informasjon om avtalen før dei vil ta ei avgjerd om signering.

Tekstilarbeidere protesterer i Dhaka, Bangladesh

Tekstilarbeidarar protesterer etter bygningskollapsen i Dhaka som tok livet av 1129 menneske i slutten av april i år.

Foto: Andrew Biraj / Reuters

Inspektørar og klagefunksjon

– Me ønskjer blant anna klarheit i kostnadsfordelinga, samarbeidet med styresmaktene i Bangladesh og ting rundt avtaleperioden, fortel ho.

Ifølgje Initiativ for etisk handel er avtaletida på fem år om gongen og maksbeløpet på ein halv million dollar per bedrift.

– Det er mange som heng seg opp i den, men det blir jobba med ein glidande skala etter innkjøpsvolum. Til dømes må store selskap som Inditex og H&M betala makssummen, medan mindre firma betalar deretter, fortel den daglege leiaren i IEH.

Pengane som kleskjedane betalar inn, skal blant anna gå til eit apparat av brann- og bygningsinspektørar, opplæring av HMS-komitear, rapportering, planverk for betring i tilfelle kritikkverdige forhold og til oppretting og drift av klagemekanismar og hotline for arbeidarane.

– Bør ha gode argument for ikkje å bli med

Bangladesh

Dødelege brannar og bygningskollapsar er ikkje uvanleg på tekstilfabrikkane i Bangladesh. Etter tragedien i april vedtok norske styresmakter å gje 14 millionar kroner for å styrkja rettane til tekstilarbeidarane i landet.

Foto: MUNIR UZ ZAMAN / Afp

Sjølve avtalen var ferdig utforma i midten av mai. No gjenstår sluttspurten i arbeidet med ein implementeringsplan – ei praktisk iverksetjing som både kleskjedene og fagforeiningane kan einast om.

– Me har ei positiv innstilling til denne avtalen, men me har ei rekkje spørsmål som me ikkje har fått svar på. Me håpar å raskt få den informasjonen me etterlyser, slik at me lettare kan slutta oss til avtalen, seier Norman i klesselskapet Voice.

Bondevik i IEH forstår at mange har spørsmål til avtalen, og at fleire selskap avventar den endelege implementeringsplanen, som skal ferdigstillast 8. juli, før dei tek ei avgjerd.

– Men etter den 8. juli bør dei som handlar klede i omfang frå Bangladesh ha gode argument for å ikkje bli med på avtalen, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger