Hopp til innhold

Nakstad: Mogleg med meir normal drift for skulane enn no

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad meiner dei fleste skular bør kunne ha tilnærma normal drift, og ber skulane og kommunane om å lese smittevernrettleiaren grundig.

Espen Nakstad

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vi er bekymra for at elevane har for korte skuledagar og skuleveker no, og det bør vere mogleg å normalisere det i større grad no enn det ein har kunna hittil, seier Nakstad.

Han er overraska over at skulane har hatt såpass ulik praktisering av skulekvardagen etter gjenopninga.

– Det blir nok kanskje praktisert litt i overkant strengt mange stader, og det har nok samanheng med at rettleiinga var litt strengare innleiingsvis. No er den revidert og mjuka opp, og det er for å tilpasse risikoen for smitte til risikoen som er elles i samfunnet, seier Nakstad.

Han ber alle skular og kommunar om å lese smittevernrettleiaren grundig saman med smittevernoverlegen og set seg inn i tiltaka som kan gjerast.

– Då kan ein til dømes ha større grupper enn 20 på dei nedre trinna utan at det medfører stor risiko. Ein kan òg ha meir enn ein lærar per gruppe i løpet av ein skuledag for å forlenge skuledagen. Det er fullt mogleg etter rettleiaren som den er i dag, og då er det viktig at ein gjer det viss ein har moglegheit til det, seier Nakstad.

Ifølgje Nakstad er det viktigaste tiltaket å passe på at elevar og tilsette er friske når dei kjem på skulen. I tillegg bør det vere minst ein meter avstand mellom pultane i klasserommet, og ikkje for mykje blanding av elevar og lærarar mellom trinna.

– Slik rettleiaren er i dag er det mogleg å drifte tilnærma normalt for dei fleste skular. Kombinert med mykje uteskole no mot sommaren bør gjere det mogleg å ha ganske lange skuledagar og ei meir normal drift, seier Nakstad.

– Ein god del barn får eit for dårleg tilbod

Ein ny rapport frå fylkesmennene i Noreg viser at fleire elevar på mellomtrinnet har fått mindre oppfølging enn dei har krav på etter gjenopninga av skulane 11. mai.

Det står mellom anna at enkelte kommunar har lagt opp til at elevane skal arbeide heime fleire dagar i veka og at ein går ut frå at desse elevane får lite eller inga oppfølging frå lærarar desse dagane.

– Rapporten viser at det er stor variasjon i tilbodet. Det er mange barn som får eit godt tilbod der kommunar og skular har strekt seg langt for å finne gode løysingar, men ein god del barn får eit for dårleg tilbod, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Melby understrekar samstundes at rapporten ber preg av at den er frå tida rett etter gjenopninga:

– Det er grunn til å tru at ikkje alle skular var i gang med full aktivitet då, og at dei no etter enda ei veke har fått på plass enda betre løysingar.

JHqGxetyI9w

Kunnskapsminister Guri Melby (V).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Vanskeleg å vurdere kvaliteten på undervisninga

Rapporten er basert på fylkesmennene sin dialog med kommunar, skular og foreldre til elevar.

Fylkesmennene skriv at det er vanskeleg å vurdere kvaliteten på opplæringstilbodet, men at fleire av dei har vore kontakta av foreldre som var misfornøgde med undervisninga etter gjenopninga.

Store forskjellar mellom trinna

Eit stort fleirtal av norske elevar er no tilbake på skulen. For at skulane skal kunne overhalde reglane om smittevern, får dei fleste elevane ein kombinasjon av undervisning på skulen, uteskule og heimeskule.

Elevane på 1.–4. trinn er godt teke vare på, ifølgje statusrapporten frå fylkesmennene. Dei har stort sett ordinær undervisning, med noko kortare dagar og bruk av uteskole.

For elevane på mellomtrinnet, altså 5. til 7. klasse, er det derimot stor variasjon i kor mykje elevane får vere på skulen. Fleire av Fylkesmennene seier at det ser ut til at elevane på desse klassetrinna blir nedprioriterte når det gjeld talet på timar med skuleundervisning, og eit godt undervisningstilbod heime.

– Det er ikkje så overraskande at mellomtrinna vert nedprioriterte, då vi heile tida har vore tydleg på at dei yngste elevane må bli prioriterte, seier Guri Melby og følgjer opp:

– Eg meiner vi må sjå på om det er noko vi kan gjere slik at dei får vere meir på skulen og møte læraren sin meir enn dei gjer i dag.

For lite tilrettelegging

Fylkesmennene er særleg bekymra for barn som har rett på spesialpedagogisk hjelp. Dei skriv at fleire barn og elevar har fått langt mindre tilrettelegging enn dei har krav på.

Fleire kommunar opplyser at dei ikkje gir det tilbodet dei skal.

Dette forklarar dei med at all undervisning no går føre seg i mindre grupper og at fleire skular derfor manglar rom til å gjennomføre spesialundervisning.

– Det at fleire fylkesmenn seier at elevar med krav på spesialundervisning ikkje får det dei har krav på er noko som både vi og kommunane må ta på største alvor, kommenterer kunnskapsminister Guri Melby.

Trur mange tolkar råda hennar for strengt

Kunnskapsministeren trur mange skular tolkar smittevernrettleiaren frå styresmaktene for strengt. Særleg når det kjem til gruppestorleik, bruk av uteareal og samarbeid mellom elevgruppene.

– Det er viktig at ein brukar det rommet til å finne gode løysingar, for å bruke lærarressursane best mogleg og får å gje elevane ein mest mogleg normal skulekvardag, understrekar ho.

Vil revurdere smittevernrettleiaren

Melby fortel at erfaringane skulane har hausta frå gjenopninga kan bli brukt til å revidere smittevernrettleiaren skulane no opererer med.

– Alle barn har rett på opplæring og målet er at elevane skal ha eit tilnærma fullverdig opplæringstilbod, seier ho.

På spørsmål om utfordringane etter gjenopninga vil halde fram i haust, svarar ho:

– Eg føler meg trygg på at vi skal finne betre løysingar til hausten.

AKTUELT NÅ