Hopp til innhold

Brannvesenet vart ikkje varsla om knivmannen

Brannvesenet som rykte ut til Valdresekspressen fekk ikkje vite at det var ein desperat mann med kniv i bussen før dei kom til staden. Både AMK og politiet visste då at det var ein knivmann om bord.

Trippeldrap i Årdal

VISSTE INGENTING: Brannmannskap var dei første som kom til staden, men hadde ikkje blitt varsla av AMK eller politiet om at det var ein væpna person om bord. Gjerningsmannen er sikta for å ha drepe tre personar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Mitt mannskap var førebudd på kome til ei trafikkulukke då dei køyrde mot staden. Det er svært uheldig at denne viktige informasjonen ikkje kom fram til mitt mannskap, seier Gaute Johnsgaard, brannsjef i Årdal brannvesen til NRK.no.

Gaute Johnsgaard

UROA: – Mitt mannskap var førebudd på kome til ei trafikkulukke då dei køyrde mot til staden, seier brannsjef i Årdal Gaute Johnsgaard.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Måndag kveld kom den dramatiske meldinga om at ein asylsøkjar i 30-åra hadde gått til åtak med kniv og drepe tre personar om bord i Valdresekspressen. Brannvesenet og ambulansepersonell var dei første som kom til staden. Politiet kom fram først ein time og elleve minutt etter at dei fekk melding. Dei køyrde også ein omveg på 36 kilometer.

I NRKs Nyheitssenter får du fortløpande nyheitsoppdateringar.

Les også: Forsvararen ville ha drapssikta sleppt fri

Les også: – Ble drept uten kamp på bussen

Les også: Fylkesmannen opnar tilsynssak etter trippeldrapa

Skal trippelvarsle

Helse Førde har allereie vedgått at rutinane ved AMK-sentralen svikta då meldinga om trafikkulukke kom inn klokka 17.21. Først tolv minutt seinare varsla dei Alarmsentralen Sogn og Fjordane om ulukka. Først klokka 17.35 fekk politiet beskjed, heile 14 minutt etter første nødmelding.

Ifølgje instruksen skal varsling skje omgåande, såkalla «trippelvarsling», til alle etatar når det kjem inn melding om ulukker.

NRK har no fått tilgang til brannvesenet sin interne aksjonslogg. Den viser at dei aldri fekk melding om at det var ein mann med kniv om bord i bussen før etter dei var framme på staden. Då hadde asylsøkjaren knivstukke tre personar, som alle døydde av skadane.

Har du tips til NRK? Ta kontakt!

Etterspurte politiet

Både politiet sin operasjonssentral og AMK-sentralen sat på informasjon om dramatikken om bord i bussen. Men ifølgje aksjonsloggen til brannvesenet kom denne informasjonen ikkje fram til dei før etter at samtlege brannbilar var på staden. Dei trakk seg difor ut av situasjonen.

Her er eit utdrag frå brannvesenet sin aksjonslogg:

  • 17.33: AMK varsla Alarmsentralen om ei trafikkulukke med buss ved Holsbruvatnet. Sjåføren skal vere livlaus. Det lukkast ikkje å opne dørene for dei som kom til ulukkesstaden. AMK skulle setje i konferanse, det fungerte ikkje. Alarmsentralen prøvde å opprette ny kontakt, men kom ikkje gjennom før klokka 17.39
  • 17.41: Alarmsentralen sender ut alarm til brannvesenet i Årdal
  • 17.52: Mannskapet mottar melding på samband at dei må vere forsiktige med å gå inn i bussen. Årsaka er ukjent grunna dårleg linje.
  • 17.56: Årdal-ambulansen melder på samband til brannvesenet at dei har teke imot ordre om å stå i ro og avvente på helikopter
  • 18.03: Brannvesenet melder at alle bilar er framme på staden
  • 18.05: Brannvesenet spør etter politiet
  • 18:07: Først her får brannvesenet ordre om å halde god avstand til bussen. Væpna politi og Beredskapstroppen er utalarmert og skal vere på veg til ulukkesstaden, står det i loggen
  • 18.12: Brannvesenet på staden stadfestar at dei har teke imot melding om å avvente på politiet
  • 18:43: Brannvesenet og ambulansepersonell har tatt kontroll på gjerningsmann og ber om at politiet må komme så raskt som mogleg
  • 18:49: Politiet framme og tatt hand om mannen

Knivmelding nådde aldri fram

Les også: Fekk asylavslag i juni - men var framleis i Norge fem månader etter

Les også: Ingen overvåkingskameraer på bussen

Les også: Trippeldrapet i Årdal: Politiet frykter gjerningsmannen ble varslet om utkastelsen

Alarmsentralen Sogn og Fjordane er ein interkommunal alarmsentral som har ansvar for brannmeldingar i fylket. Dei er samlokaliserte med politiet sin operasjonssentral. Det er berre ei skyvedør imellom dei to sentralane. Likevel kom ikkje beskjeden fram:

Beredskapssjef Jan Petter Sæbø i Helse Førde

TAUS: – Vi kan ikkje kommentere dette no, seier beredskapssjef i Helse Førde, Jan Petter Sæbø.

Foto: Johan Moen / NRK

– Meldinga om at det var ein mann med kniv i bussen nådde aldri vår sentral før etter at brannvesenet var framme på staden. Det er sjølvsagt svært uheldig, og kan setje mannskapa i fare, seier Terje Brandsøy, dagleg leiar ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Ifølgje loggen til AMK fekk dei melding om at det var ein kapringssituasjon i bussen klokka 17.40. AMK meiner dei melde dette vidare til politiet klokka 17.42, men politiet på si side meiner dei først fekk beskjed om dette ca. klokka 17.50. Likevel: Verken politiet eller AMK sendte denne beskjeden til brannvesenet.

– Vi kan ikkje kommentere dette no. Vi har folk som går gjennom alle lydloggane, og skriv ned alt som vart sagt og gjort. Det er eit omfattande materiale som skal bli gjennomgått, og vi må blir ferdige med gjennomgangen før vi har eit klart bilete av kva som skjedde, seier beredskapssjef i Helse Førde, Jan Petter Sæbø til NRK.no.

Politiet vil i dag heller ikkje kommentere dette, men seier dei går gjennom loggane sine og at dei vil ha ein gjennomgang av kva som skjedde med AMK i morgon.

Brannvesenet ble ikke varslet om dramaet selv om politiet visste

VIDEO: NRK har no fått tilgang til brannvesenet sin interne aksjonslogg. Den viser at dei aldri fekk melding om at det var ein mann med kniv om bord i bussen før etter dei var framme på staden.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger